Hopp til innhold

Sikra seg ulovleg aksjeutbytte

John Bauer-skulens nye eigarar fekk kontraktfesta aksjeutbytte då dei tok over eigarskapet.

John Bauer-gymnasets fasade
Foto: Inger Lise Uhnger / NRK

Rotet i John Bauer-skulen vil ingen ende ta.

I dag kan NRK Hordaland avsløra at dei nye eigarane sikra seg eit eventuelt aksjeutbytte - noko som er i strid med lova.

Ulovleg kontrakt

Onsdag 16. juli, to dagar før konkursen av John Bauer-skulen i Oslo, sette eigarane ved bergensskulen seg ned for å diskutere framtida for elevane på Vestlandet.

Med på møtet i hovudstaden var styremedlem Bård Tronvoll og Ove Braaten, tilsett i Bergen. Her blir dei einige om at Tronvoll og dei tilsette skal overta alle aksjane frå dei gamle eigarane, ved Sigve Austheim og Kåre Syltebø.

Men den siste setninga i kontrakten har fått utdanningsdirektoratet til å heve augebryna.

«Kjøpet gir kjøperen rett til eventuelt aksjeutbytte for hele året 2008».

Problemet er at i privatskulelova står det at det er ulovleg å ta ut utbytte frå drifta av skulen.

Krev ei forklaring

Assisterande utdanningsdirektør hos Fylkesmannen Hjalmar Olseth, seier dei i dag vil krevje ei forklaring frå leiinga.

- Dette er noko John Bauer burde ha forstått, i lys av dei vedtaka som har vert. Det er ei naturlig oppfølging at fylkesmannen spør på kva måte ein kan skriftleg avtala utbytte når dette er forbode i lov. Utgangspunktet er at vi må forholda oss til at skulen skal driva innanfor lovverket og ikkje kva ein sjølve avtalar, seier Olseth til NRK Hordaland.

- Gløymde å ta vekk setninga

Eigar Bård Tronvoll seier kontrakten var ein standardkontrakt, der ein gløymte å ta vekk denne formuleringa.

I ein sms til NRK skriv han at: «alle aksjonærane er fullstendig klare over at dette ikkje er lov, verken no eller i framtida». Han skriv også at deira fokus er å skape den beste skulen i Bergen.

Tronvoll avsluttar med å be om å få sjansen til å konsentrere seg om skulestart.