Midtbanespelaren har signert ein kontrakt med Brann som bind han til klubben ut 2015-sesongen. 20-åringen er svært nøgd med å vera tilbake i heimbyen.
– Eg føler eg har utvikla meg mykje som fotballspelar og håpar eg kan bidra inn mot A-laget, seier Eirik Birkelund til klubben sine eigne heimesider, brann.no.
Ungguten har vore sentral på fleire av dei aldersbestemte laga til Brann, men valde i januar 2013 å prøve på ei karriere som proff i den franske klubben St. Etienne.
– Spennande
Men i Frankrike fekk han aldri sjansen. No får han ein ny i Bergen.
– Eirik må ikkje oppfattast som ein redningsmann, sidan han vert henta i ein vanskeleg sportsleg periode. Men har ein spennande spelar og ein seriøs idrettsmann vi vil ha med oss vidare, seier dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen.