NRK Meny
Normal

Siger til bergensarane

Det vart 4-1 til Brann på heimebane då bergenslaget tok imot Vålerenga til 15. runde i eliteserien.

Lie Skålevik

BRANN-SIGER: Få minutt etter Steffen Lie Skålevik sparka inn det tredje målet mot Vålerenga, fekk Erik Huseklepp ballen i mål. 4-1 til Brann ved kampslutt.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Steffen Lie Skålevik sat det tredje målet for Brann i 82. minutt. Få minutt etter var Erik Huseklepp åleine på 16-meteren mot keeperen til Vålerenga, Marcus Sandberg. Assistert av Steffen Lie Skålevik fekk Huseklepp ballen i mål. Dermed er det 4-1 til Brann.

I 52. minutt vart det 2-1 til Brann, og costaricanaren Deyver Vega sat sitt første mål.

To mål og eitt gult kort i første omgang

I første omgang sikra Vålerenga seg det første målet etter 20 minutt. Det var Mohammed Abdellaoue (Moa) som sparka ballen i nettet. 20 minutt etter utlikna Kristoffer Barmen for SK Brann. Begge laga scora på sine første målsjansar.

I 17. minutt fekk Vålerenga-stopparen Jonatan Tollås Nation gult kort då kantspelar Braaten prøvde å kontra.

Følg kampen direkte her:

Jamne lag

Brann tek imot Vålerenga på Brann Stadion til 15. runde i eliteserien. Dei siste kampane mellom laga var i 2014.

Stengel

TO ÅR SIDAN SIST: Dei siste kampane mellom laga var i 2014, då kampane enda 2-3 på Brann Stadion og 3-3 på Ullevaal. Her er Herman Stengel i Vålerenga på Brann Stadion.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Bergensarane ligg på 7. plass i eliteserietabellen med 23 poeng, medan Vålerenga ligg på 14. plass med sine 11 poeng.

Totalt er det nokså jamt mellom laga, med 136-131 i målforskjell.

Spelar mot sin gamle klubb

Bismar Acosta og Daniel Braaten har fått grønt lys frå det medisinske støtteapparatet til å spele kamp, noko som skyv Jonas Grønner og Steffen Lie Skålevik ut på benken.

Ruben Kristiansen, Braaten og Sivert Heltne Nilsen kom frå Vålerenga, og spelar mot sin gamle klubb for første gong etter klubbskiftet. Amin Nouri har også ei fortid i klubben.

Midtbanespelar Fredrik Haugen (24) fekk sitt tredje gule kort i førre kamp mot Sarpsborg 08, og må dermed stå over kampen i dag.

Laster innhold, vennligst vent..

Startoppstilling

Følgande elleve startar mot Vålerenga (etter nummer):

24 Piotr Leciejewski

6 Vadim Demidov (k)
9 Kasper Skaanes
10 Jakob Orlov
15 Bismar Acosta
19 Deyver Vega
21 Ruben Kristiansen
23 Sivert Heltne Nilsen
25 Daniel Braaten
29 Kristoffer Barmen
33 Amin Nouri

Benken:

1 Alex Horwath
5 Jonas Grønner
11 Steffen Lie Skålevik
13 Erik Huseklepp
16 Remi Johansen
18 Azar Karadas
26 Dani Hatakka

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.