NRK Meny
Normal

Fem gule kort og null poeng til Brann

Etter ein svak andre omgang må Brann reise heim til Bergen utan eit einaste poeng.

Anders Trondsen og Fredrik Hauge

BRA START FOR BRANN: Brann spelte offensivt og lovande dei første minutta av kampen.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

I dag møttest Brann og Sarpsborg 08 til 14.runde i eliteserien.

Brann starta lovande i første omgang og hadde sjansar på mål. Det var 0 - 0 til pause.

I andre omgang var det Sarpsborg som var klart best. I det 60. minutt tok dei leiinga då Pål Alexander Kirkevold putta ballen i mål.

Det kom aldri noko svar frå Brann, som dermed starta haustsesongen i eliteserien med tap.

Det einaste Brann fekk ta med i bagasjen var heile fem gule kort.

Følg kampen direkte her:

Tre kamper i eliteserien og kvartfinalen mellom Frankrike og Island i EM.

DIREKTE: Her kan du følge kampen direkte.

Demidov heime med familien

Laga ligger tett på tabellen, Brann på 7. plass med 23 poeng og Sarpsborg 08 på 8. plass med 22 poeng. No må Brann anstrenge seg om dei skal halde sarpingane bak seg.

Fleire av spelerande blei ikkje med austover. Kaptein Vadim Demidov ventar born, og har valt å prioritere tid med familien. Daniel Braaten og Bismar Acosta er ikkje kampklare.

Piotr Leciejewski er derimot skadefri etter å ha hatt problem med leggen.

Laster innhold, vennligst vent..

Lagoppstilling:

24 Piotr Leciejewski

5 Jonas Grønner
8 Fredrik Haugen
9 Kasper Skaanes
10 Jakob Orlov (kaptein)
11 Steffen Lie Skålevik
19 Deyver Vega
21 Ruben Kristiansen
23 Sivert Heltne Nilsen
29 Kristoffer Barmen
33 Amin Nouri

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen