Hopp til innhold

Ser ikkje bort frå endringar i Odda

Helseminister Bent Høie (H) lovar at den samla beredskapen ved Odda sjukehus skal vere på dagens nivå, men ser ikkje bort frå endringar i dagens organisering. Saka er oppe til debatt i Stortinget måndag, og Høie sa i sitt innlegg at Odda sjukehus framleis skal vere eit akuttsjukehus og at tilbodet ikkje skal reduserast, men tvert imot styrkast.