Hopp til innhold

Samla på Stortinget for å redde akuttkirurgien

EIDSVOLLS PLASS (NRK): Opp mot 100 oddingar har samla seg framfor Stortinget for å demonstrere mot nedlegging av akuttkirurgien i Odda. Følg stortingsdebatten direkte her.

Odda akuttkirurgi Stortinget

AKSJONERER: Ei rekke aksjonistar har teke turen frå Odda til Oslo for å vise si støtte til akuttkirurgien ved Odda sjukehus.

Foto: NRK

Søndag reiste ein full buss og fleire personbilar frå Odda til Oslo, for å vere til stades når Stortinget skal slutthandsame saka om akuttkirurgi måndag klokka 12.

Måndag føremiddag har aksjonistane stilt seg opp utanfor Stortinget.

– I dag vil vi ha overbevisande forsikringar om at døgnbasert akuttkirurgi ved Odda sjukehus skal bestå og vidareutviklast, seier Terje Kollbotn, leiar for LO i Indre Hardanger.

Her kan du følgje debatten i Stortinget frå klokka 12:

Blant politikarane som møtte opp utanfor Stortinget var Ruth Grung (Ap), Olaug Bollestad (KrF), Bjørnar Moxnes (Raudt) og Audun Lysbakken (SV).

– Eg håpar dette blir dagen som kronar Odda-folket sin kamp for sjukehuset sitt med siger, seier Lysbakken.

Også helseministeren og stortingspresidenten var til stades, og fekk overlevert over 7000 underskrifter mot nedlegging av akuttkirurgien.

Lang kamp

Kampen for akuttkirurgien har gått føre seg i Odda i fleire månader. Saka har skapt stor debatt og engasjement dei siste månadane, og det har vorte arrangert ei rekke demonstrasjonar.

– No er vi i ferd med å få fullt innfridd kravet. Det handlar om tryggleik i kvardagen, inst i fjordane der det ofte er stengde vegar og ambulansehelikopter ikkje kan lande, seier Kollbotn måndag føremiddag.

I april gjekk styret i Helse Vest inn for å legge ned akuttkirurgien ved sjukehuset. Ikkje lenge etter uttalte helseministeren at han ville følgje opp vedtaket, men i mai vart det klart at han hadde ombestemt seg.

Samtidig har helseministeren fått kritikk for å vere utydeleg i sitt brev om situasjonen ved sjukehuset. Høie skriv der at han vil sørge for at «[d]en samlede beredskapen for befolkningen tilhørende Odda sjukehus skal vere på same nivå og gi tilsvarende trygghet som i dag».

Helseministeren vil sjå til at:

  • Sjukehuset skal kunne handtere situasjonar med akutte alvorleg sjuke eller skadde pasientar/traumepasientar, og stabilisere for vidare transport.
  • Den samla kompetansen som finst på sjukehuset, og som er i beredskap, skal sjølvsagt kunne brukast i akutte alvorlege situasjonar.
  • Kirurg/ortoped skal behandle pasientar på skadepoliklinikken, og skal vere tilgjengeleg for sjukehuset på døgnbasis.

Håpar på tydeleg svar

Venstre, KrF og SV er avventande til kva dette heilt konkret betyr for Odda.

– Her er ikkje noko som garanterer mot ei forvitring. Det er framleis mange spørsmål som vi treng svar på, sa SV-leiar Audun Lysbakken til NRK førre veke.

SV, Senterpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet har tidlegare sagt at dei vil sikre og vidareutvikle dagens ordning.

– Helseministeren sine forsikringar forplikta. Vi skal følgje nøye med vidare, og ser fram til ein god stortingsdebatt. Vi skal merka oss kvart ord, og håpar det ikkje vert nokon som helst tvil om at kravet vårt vert fullt og heilt innfridd, seier Kollbotn.