Sendt til legevakt etter ulukke

Ein person vert sendt til legevakt etter trafikkulukka på Kollsnes i Øygarden. Føraren, som var den einaste personen i bilen, framstår som uskadd, opplyser politiet. Bilen skal ikkje ha hatt høg fart då den køyrde utfor vegen. Det skal vere svært glatt på staden.