Ordførar fortvilar: – Vinmonopolet vil ikkje opna før me har apotek

BJØRKHEIM (NRK): Går piller og sprit hand i hand? Det er opplevinga til ordføraren i Samnanger, som saman med nesten hundre andre kjempar om å få vinmonopol i distrikta.

Eva Grimstad i Kvamskogen vel og Knut Harald Frøland

HYTTEPOLPRESS: Bjørkheim ligg på vegen frå Bergen, og hytteeigarforeininga Kvamskogen vel etterlyser vinmonopol. – Det hadde vore fint å få kjøpa ei flaske vin i lag med daglegvarehandelen her, seier styreleiar Eva Grimstad til Samnanger-ordførar Knut Harald Frøland.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Dei siste ti åra har 65 norske kommunar fått sitt første vinmonopol. Men framleis står 94 små og mellomstore kommunar utan eit utsal av edlare dropar av sterkaste sort (sjå full oversikt nedst i saka).

– Eg har jobba for dette i tre år, men det kjennest litt som å skulla flytta fjell, seier ordførar Knut Harald Frøland i Samnanger kommune.

– Me stagnerer medan dei peikar på kvarandre

Kraftkommunen i Hordaland har knappe 4000 innbyggjarar. Men handelssenteret Bjørkheim er stoppestad på veg til eitt av landets største hytteområde, Kvamskogen, og har opplevd ei sterk vekst dei siste ti åra.

I dag har bygda ein bensinstasjon, to daglegvarebutikkar, ein overnattingsstad med servering og eit knippe spesialbutikkar. Ein pizzarestaurant og fleire butikkar er på veg.

Men staden har ikkje apotek. Det har vist seg vanskeleg.

– Det interessante er at representantar frå polet og apotekkjedene peikar på kvarandre. «Hadde du hatt pol, skulle me gjerne ha etablert oss» og vice versa. Mange næringsdrivande seier til meg at «hadde me berre hatt eit vinmonopol eller apotek, kunne me tatt nye viktige steg». I mellomtida opplever me stagnasjon.

Dermed er det ei næringsmessig symbiose mellom piller og sprit som hindrar handelsstaden frå vidare utvikling, erfarer ordføraren.

– Eg skal gjerne ikkje setja lys på problemstillinga på den måten, men det høyrer absolutt saman. Har du det eine, får du det andre. Slik er det med næring, sier ordføreren.

Han ønskjer ikkje å oppgi kva apotekkjede han har snakka med. Han vil heller ikkje seia kven i apotekselskapet som peikar på Vinmonopolet som ein avgjerande faktor før medisinutsalet vil etablera seg.

– Det ønskjer han ikkje at eg skal formidla vidare til media.

Ordførar Knut Harald Frøland

VEKST: – Me er store nok til å få etablert eit vinmonopol, meiner ordførar i Samnanger Knut Harald Frøland.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Hundrevis av polmøte

Helse- og omsorgsdepartementet, som eig Vinmonopolet, har eit tydeleg krav om at alle nyetableringar skal gå i pluss. Bakgrunnen er at den norske stat ikkje skal subsidiera sal av alkohol til det norske folk.

Delegasjonar frå Vinmonopolet reiser kvart år rundt og møter hundrevis av ordførarar og næringsaktørar. Alle dei 94 stadene på «ønskelista» blir grundig analyserte ut frå enkelte kriterium:

  • Folketal og folketalsutvikling over tid
  • Busetnadsmønster og tilgang på arbeidsplassar
  • Avstand til næraste pol
  • Nærliggande hytteområde, turisme og forbipasserande døgertrafikk
  • Talet på butikkar/bransjar som allereie er etablerte og den totale omsetnaden på staden

– Så lenge me finn stader der me ikkje vil tapa pengar på å opna butikk, vil me gjera det. Vår innvending mot Samnanger er at det per i dag ikkje er nok handelsvolum. Det kjem mellom anna av eit lite bransjeutval, seier kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vinmonopolet.

– Apoteket er viktig

I fjor haust bestemte det statlege selskapet å etablera utsal på to nye stader i 2019: Rosendal i Kvinnherad og Sand i Nord-Odal.

Vinmonopolet har til no styrt unna Samnanger. Og det manglande apoteket er gjerne ei av årsakene til det, vedgår kommunikasjonssjefen.

– Ja, apotek er ein viktig butikk. Sjølv om det ikkje er slik at Vinmonopolet heng seg opp i eit apotek åleine, seier Nordahl.

Jens Nordahl

KOMMUNIKASJONSSJEF: Jens Nordahl i Vinmonopolet.

Foto: Anne Mone Nordahl / NRK

I fjor opna Vinmonopolet utsal på Digerneset i Skodje kommune på Sunnmøre. Apotek 1 opna eit utsal like etterpå.

– Me visste at apoteket ville koma, men det var ikkje eit krav for oss, seier Nordahl.

Men det var eit krav for apoteket. Ein klar føresetnad var at polet faktisk etablerte seg, uttalte apotekkjeda til Sunnmørsposten i fjor.

Årsaka er at apotek er ein type butikk som tiltrekker seg folk. Det same gjeld daglegvarehandelen, som er den desidert viktigaste indikatoren for handelsvolumet på ein stad.

– Apoteket kjem for oss på ein klar andreplass i den samanheng. Deretter følger bedrifter som jernvarehandel, blomebutikkar, leikebutikkar og liknande bransjebutikkar.

For ti år sidan betalte næringslivet i Fusa for deler av etableringa då eit apotek opna på Fjorden senter i Eikelandsosen. Då hadde allereie styreleiaren i senterselskapet i lang tid jobba for å få Vinmonopolet til vestlandsbygda. Det kom først nokre år seinare, i 2015.

Første heile året etter opninga av polet var veksten tre gongar høgare enn snittet for andre samanliknbare kjøpesenter i landet.

– Veksten var på ni prosent, mot tre prosent på landsbasis, og seks prosent året før. Alt skuldast nok ikkje Vinmonopolet, men både apoteket og polet har hjelpt oss til den veksten me har hatt fram til i dag, seier senterleiar Kristian Størksen.

Senterleiar Kristian Størksen på Fjorden senter i Fusa

Senterleiar Kristian Størksen opplevde ein omsetnadsvekst på ni prosent året etter at Vinmonopolet etablerte seg på Fjorden senter i Fusa.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Apoteka: – Vinmonopol er positivt

Også apotekkjedene peikar på Vinmonopolet som ein viktig aktør. Boots apotek gjer ei samla vurdering basert på kundetilgang, lokasjon, konkurransesituasjon og lønnsemd før dei etablerer nye utsal.

– Butikkmiks i området er sjølvsagt ein viktig faktor, og då vil jo Vinmonopolet vera ein del av miksen, opplyser kommunikasjonssjef Anne Margrethe Aldin Thune.

For Norsk Medisinaldepot (NMD), som står bak Vitusapotek og DittApotek, er det særleg to faktorar som spelar inn: Kundegrunnlag og tilgang på kompetent arbeidskraft.

– Ei generell betraktning er at handel nærer meir handel. I dette perspektivet vil eit vinmonopol telja positivt, då dette er ein butikk som trekker besøkande frå eit stort område, opplyser strategidirektør og pressekontakt Miriam Skåland.

Varslar færre nye pol framover

Vinmonopolet har varsla at dei vil etablere færre nye pol i åra som kjem. Årsaka er at føretaket allereie har oppfylt kravet om at 97 prosent av Noregs befolkning skal i ein kommune med pol eller bu maksimalt 3 mil frå eit polutsal.

I 1997 var det 110 pol i Noreg. Ved utgangen av 2019 vil talet vera 342.

– Etableringstakten vil gå merkbart ned samanlikna med utviklinga sidan 2000, seier Nordahl.

Det kan vera dårleg nytt for ordføraren i Samnanger, som vedgår at han kjenner seg litt fanga mellom barken og veden.

– Eg er trygg på at me vil få både apotek og polutsal etter kvart. I mellomtida får me berre jobba med å gjera staden meir attraktiv.

Kommunar som ønskjer vinmonopol pr november 2018

Fylke

Kommune

Finnmark

Berlevåg

Østfold

Marker

Østfold

Spydeberg

Østfold

Våler

Østfold

Hobøl

Akershus

Rælingen

Hedmark

Eidskog

Hedmark

Grue

Hedmark

Våler

Hedmark

Rendalen

Hedmark

Engerdal

Hedmark

Folldal

Hedmark

Alvdal

Oppland

Skjåk

Oppland

Lunner

Oppland

Etnedal

Oppland

Vestre Slidre

Oppland

Vang

Buskerud

Sigdal

Buskerud

Krødsherad

Buskerud

Flesberg

Buskerud

Rollag

Telemark

Kviteseid

Telemark

Nissedal

Telemark

Fyresdal

Telemark

Tokke

Aust-Agder

Åmli

Aust-Agder

Valle

Vest-Agder

Songdalen

Vest-Agder

Lindesnes

Vest-Agder

Sirdal

Rogaland

Lund

Rogaland

Rennesøy

Rogaland

Tysvær

Hordaland

Sveio

Hordaland

Fitjar

Hordaland

Eidfjord

Hordaland

Ulvik

Hordaland

Samnanger

Hordaland

Vaksdal

Hordaland

Meland

Hordaland

Øygarden

Hordaland

Austrheim

Hordaland

Masfjorden

Sogn og Fjordane

Gulen

Sogn og Fjordane

Hyllestad

Sogn og Fjordane

Aurland

Sogn og Fjordane

Lærdal

Sogn og Fjordane

Fjaler

Sogn og Fjordane

Bremanger

Sogn og Fjordane

Selje

Møre og Romsdal

Hareid

Møre og Romsdal

Ørskog

Møre og Romsdal

Norddal

Møre og Romsdal

Nesset

Møre og Romsdal

Eide

Møre og Romsdal

Tingvoll

Møre og Romsdal

Rindal

Møre og Romsdal

Halsa

Møre og Romsdal

Aure

Trøndelag

Flatanger

Trøndelag

Klæbu

Trøndelag

Meldal

Trøndelag

Meråker

Trøndelag

Osen

Trøndelag

Overhalla

Trøndelag

Rennebu

Trøndelag

Roan

Trøndelag

Snåsa

Trøndelag

Verran

Nordland

Bindal

Nordland

Sømna

Nordland

Vega

Nordland

Hattfjelldal

Nordland

Lurøy

Nordland

Træna

Nordland

Rødøy

Nordland

Beiarn

Nordland

Hamarøy

Nordland

Tysfjord

Nordland

Ballangen

Nordland

Røst

Nordland

Flakstad

Troms

Kvæfjord

Troms

Ibestad

Troms

Sørreisa

Troms

Dyrøy

Troms

Karsløy

Finnmark

Loppa

Finnmark

Hasvik

Finnmark

Måsøy

Finnmark

Karasjok

Finnmark

Gamvik

Søk i valresultata

valg-dekorasjon