Hopp til innhold

Sa nei til forslag frå Vestland

Under landsmøtet i helga sa Høgre nei til eit tiggeforbod foreslått av fylkeslaga i Vestland og Oslo. – Vestland Høgre sa ja til retten til tigging, men nei til organisert tigging. Landsmøtet ville ikkje vere med på denne differensieringa. Det kan Vestland Høgre leve godt med, men meiner at det er uheldig for dei som vert utsett for den organiserte tigginga, uttaler Vidar Grønnevik i Vestland Høgre.

Vidar Grønnevik
Foto: Vidar Gudvangen / NRK