Hopp til innhold

Rusa trailersjåfør tatt av politiet

Totalt blei fire personar blei tatt for promillekøyring i natt. – Det er skremmande, seier politiet.

UP har kontroll

TATT I KONTROLL: Politiet har veldig mange for promillekøyring i sommar, stadfestar politiet i Hordaland. (ARKIVBILETE)

Foto: www.nordsveenfoto.no

Dei fire personar blei tatt for promillekøyring på Sotra, i Bergen sentrum, på Voss og i Åsane. Ein av dei var ein rusa trailersjåfør.

– Dette føyer seg inn i rekka av alle dei andre promillekøyringane som har vore den siste tida. Det er skremmande, seier operasjonsleiar i politiet Terje Magnussen.

LES OGSÅ: UP tar stadig flere ruskjørere

Køyrde fleire gonger i autovernet

Den fyrste hendinga skjedde på Kolltveit på Sotra klokka litt etter klokka 23 fredag.

– Publikum ringer inn og melder om at ein bil hadde køyrt i autovernet fleire gonger. Framme syner det seg at sjåføren er rusa, og mannen blei tatt med til legevakta for blodprøve, fortel operasjonsleiaren.

Like etter midnatt melde ein forbipasserande så om at ein bilist hadde krasja bilen i utgangen av Nygårdstunnelen i Bergen i retning bort frå sentrum.

Kvinna blei tatt med til legevakta og førarkortet blei beslaglagt.

Rusa trailersjåfør tatt

Klokka 00.20 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Hjelle på Voss.

– Her er også førar av bilen rusa og vart køyrd til legevakta. Det var ingen personskade, men førarkortet blei beslaglagt, seier Magnussen.

Klokka fem i natt rykka politiet ut til eit varemottak i Åsane etter melding om eit falluhell.

– Me fekk melding om at det hadde vore eit uhell, at ein mann har falle. Men så syner det seg at trailersjåføren har komme køyrande til staden med promille.

Føraren blåste raudt og blei tatt med til legevakta for utvida prøve. Det er ikkje kjent om sjåføren var på jobb då han blei tatt.

LES OGSÅ: Seks tatt for fyllekøyring på eitt døgn