Hopp til innhold

Rosenkrantztårnet fekk spiret tilbake

Ekstremvêret «Nina» reiv ned spiret på det historiske Rosenkrantztårnet i Bergen sentrum. I dag vart tårnet komplett igjen.

Setter fast spiret på Rosenkrantztårnet

Det ti meter lange og 350 kg tunge spiret settes tilbake på plass på toppen av Rosenkranztårnet ved Bergenhus festning.

Foto: Sigurd Hamre

«Nina» herja over Vestlandet i januar i år, og gjorde stor skade på både private og offentlege bygg. Også på Rosenkrantztårnet ved Bradbenken i Bergen sentrum.

– Det svaia noko veldig, og så brakk det, fortalde eit vitne til NRK då spiret på renessansemonumentet gjekk rett i bakken.

Bergen sentrum vart sperra av og folk vart bedne om å halda seg innandørs. Sidan 10. januar har noko mangla på tårnet ved Bergenhus festning.

Spiret på Rosenkrantztårnet

Spiret deisa i bakken frå toppen av Rosenkrantztårnet 10. januar i år.

10 meter spir

Tårnet har vore freda sidan 1995. Delar av tårnet kan sporast tilbake til år 1270.

Derfor har det vore viktig å få spiret tilbake på plass igjen, og i dag skjedde det. Det er det same spiret som ramla ned, 10 meter høgt og 350 kg tungt, men kraftig forsterka slik at det ikkje skal skje igjen.

Det var Statsbygg som gjennomførte monteringa av spiret.

Rosenkrantztårnet

Delar av Rosenkrantztårnet kan sporast tilbake til år 1270.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix