Regjeringa gir kjønnspoeng: – Av 92 studentar er me 20 menn

UNIVERSITETET I BERGEN (NRK): Fire månader etter at dei sa nei til kjønnskvotering på psykologstudiet, snur regjeringa. – Landet treng fleire mannlege psykologar, seier student Steven Larsen.

Steven Larsen og Clovis Nugame på psykologistudiet i Bergen

FÅ GUTAR: Clovis Nugame (t.v.) og Steven Larsen er to av tjue gutar på sitt kull på psykologiutdanninga i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

NRK skreiv i første versjon av denne artikkelen at regjeringa har snudd i saka. Det riktige er at dei har sagt nei til kjønnskvotering men no seier ja til kjønnspoeng.

Universiteta i Oslo og Bergen (UiO og UiB) har tidlegare søkt Kunnskapsdepartementet om å få starta forsøk med kvotering av menn til profesjonsstudia i psykologi. Seinast i sommar fekk dei nei frå forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

– Universiteta og høgskulane kan ikkje lena seg tilbake og venta på kvotering, sa Nybø til universitetsavisa Khrono i sommar.

Men no har regjeringa bestemt seg for å gi ekstra opptakspoeng til menn.

Snudde på nokre månader

Dei kvinnelege studentane har i mange år dominert profesjonsstudia i psykologi. I august i år uttalte leiinga ved UiB at dette var problematisk. Likevel avviste Iselin Nybø å gi kjønnspoeng til menn på psykologistudiet.

– Kvifor har du endra meining om dette på nokre få månadar?

– Me har no i samråd med UiO og UiB funne ei ordning. Den er innanfor føringane Stortinget har gitt for kva tid ein bør gi tilleggspoeng, seier Nybø.

Iselin Nybø

HAR SNUDD: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø har snudd i saka om kjønnskvotering av menn på psykologistudiet ved UiB og UiO.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

For studieåret 2019/2020 kan UiO og UiB gi eitt tilleggspoeng til mannlege søkarar som søker psykologiutdanninga med vitnemål rett frå vidaregåande. Ordninga gjeld for menn under 22 år.

Psykologiprofessor og visedekan Per-Einar Binder ved Universitetet i Bergen seier at det er fleire gutar som oppsøker hjelp ved skular som har menn som er tilsette i helsetenesta.

– Menn oppsøker sjeldnare enn kvinner psykiske helsetenester. Dei kjem ofte seinare til behandling, og då ofte med litt meir alvorlege lidingar, seier Binder.

Per-Einar Binder

KJEMPA LENGE: Psykologiprofessor Per-Eirik Binder har lenge kjempa for kjønnskvotering på psykologistudiet ved Universitetet i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Under 20 prosent er menn

Statistikken frå UiO og UiB viser at andelen menn som kjem inn på psykologistudiet er spesielt låg blant dei som søker rett frå vidaregåande. Ved UiB har andelen vore under 20 prosent dei siste tre åra. Ved UiO fall andelen under 20 prosent ved årets opptak.

Steven Larsen fortel at han er éin av tjue gutar på sitt kull på psykologistudiet ved UiB. Samanlagd på kullet er det 92 studentar, 72 av desse er altså jenter.

– Landet treng fleire mannlege psykologar, seier Larsen.

Psykologiprofessor Per Einar Binder har lenge kjempa for kjønnskvotering for menn på psykologistudiet. No får utdanninga i staden ei ordning med kjønnspoeng.

– Fleire mannlege behandlarar gir eit signal om at dette er ei teneste også for menn, seier Binder.

Han presiserer at effekten av behandlinga ikkje er avhengig av kjønnet til behandlaren

Jenter på psykologistudiet

STORT FLEIRTAL JENTER: Under 20 prosent av søkjarane med førstegongsvitnemål til UiB og UiO var gutar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fleire studium får kjønnskvotering

Ved barnevernspedagogutdanninga ved OsloMet – storbyuniversitetet kan mannlege søkarar få to ekstrapoeng. Her har andelen menn dei siste åra vore på berre 14 prosent.

Det blir også to ekstrapoeng for menn på nokre studie for å bli sjukepleiar (Lovisenberg diakonale høgskole og Universitetet i Agder) og veterinær og dyrepleiar (Noregs miljø- og biovitskaplege universitet).

Søk i valresultata

valg-dekorasjon