Universiteta vil ha fleire som Ulrik (19), men departementet seier nei

Universiteta i Bergen og Oslo krev at Kunnskapsdepartementet snur om kvoteringsnekt på psykologistudia.

Psykologistudent Ulrik Hagen Hamre ved UiB

EIN AV FÅ: 19 år gamle Ulrik Hagen Hamre er ein av 26 menn som har starta på psykologistudiet ved UiB hausten 2018. I år er andelen menn på 21 prosent.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Både UiB og UiO har søkt Kunnskapsdepartementet om å få starte forsøk med kvotering av menn til profesjonsstudia i psykolog.

Årsaka er at det i fleire år har vore stor overvekt av kvinnelege studentar. Ved studiestart denne veka viser årets tal den same tendensen.

Av dei 123 som startar på psykologistudiet ved UiB denne veka, er 97 av dei kvinner. Men departementet har sagt nei til kvotering.

– Det kan kanskje vere eit problem for studiemiljøet og yrkeslivet seinare at det er veldig mange kvinner. Det hadde kanskje vore betre med fleire menn, seier fersk førsteårsstudent Ulrik Hagen Hamre (19) til NRK.

Krev at departementet snur

Han er ein av dei som universiteta ynskjer seg fleire av. I år er andelen menn på førsteårsstudiet i psykologi ved UiB på 21 prosent. Det same talet er 23 prosent i Oslo.

Målet til universiteta i Oslo og Bergen er å kvotere inn 30 prosent menn.

– Over tid har me hatt færre mannlege studentar som konkurrerer seg inn på utdanninga vår. Det er viktig at det er mannlege psykologar tilgjengeleg i samfunnet, slik at klientar kan velja kjønn på sin behandlar, seier viserektor for utdanning, Oddrun Samdal ved UiB.

Ho trur det blir færre menn i psykologiyrket dei neste fem til ti åra.

– Difor er det viktig å gjera noko med situasjonen no. Det tek seks år å utdanna ein psykolog.

Oddrun Samdal

KREV AT DEI SNUR: Viserektor Oddrun Samdal ved UiB har i mange år teke til orde for mannskvotering på psykologistudia.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

For mange menn for kvotering

Men førebels har altså kunnskapsdepartementet vendt tommelen ned til kvoteringsynskjet.

Kravet er at det må vera under 20 prosent av eit kjønn på eit studium før det er lov å kvotere.

Fleire meiner den regelen er for rigid. Ein av dei er leiar i Studentparlamentet, Nikolai Klæboe, som tok opp problemet i eit innlegg i Bergens Tidende.

– Her trengst det meir fleksibilitet, og ein større innsats frå regjeringa og statsråden, slik at me får ei så mangfaldig gruppe psykologar, terapeutar og forskarar som samfunnet treng i framtida.

Statsråd for høgare utdanning og forsking, Iselin Nybø (V), har ikkje hatt høve til å kommentere denne saka til NRK. Ho seier til avisa Khrono at departementet vil følgje med på utviklinga.

– 20 prosent er ein indikator gitt frå Stortinget. Det er ikkje slik at universiteta og høgskulane skal lena seg tilbake og vente på kvotering. Dei har tvert imot eit ekstra ansvar for å sikre kjønnsbalanse, sa Nybø til avisa i sommar.

Rekordhøyt opptak til høyere utdanning Iselin Nybø

UTDANNINGSMINISTER: Statsråd for høgare utdanning og forsking, Iselin Nybø (V).

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Usikker

I Bergen er Ulrik Hagen Hamre usikker på kva han ville meint om han sjølv hadde blitt kvotert inn på studiet han nettopp har byrja på.

– Eg veit ikkje om det er der støyten må setjast inn. Mykje handlar om interesse. Gutar vil kanskje tradisjonelt velja ingeniør, medisin, jus og handelshøgskulen. Slike fag appellerer meir til gutar som gjer det bra på skulen, meiner 19-åringen.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon