NRK Meny
Normal

– Regjeringa bryt med barn sine rettar

UNICEF Norge meiner regjeringa bryt med barn sine rettar når dei ønskjer å flytta mobbarar til andre skular. No har dei sendt høyringssvar til regjering der dei reagerer på lovforslaget.

Mobbing er dårlig stil

MOBBING: UNICEF Norge meiner regjeringa bryt med barn sine rettar når dei ønskjer å flytta mobbarar til andre skular (Illustrasjonsbilete).

– Vi har oppfordra departementet at dei i større grad legg opp til ein prosess der omsynet til det enkelte barnet sitt beste skal vera avgjerande for det tiltaket som vert sett i verk, seier juridisk rådgjevar i UNICEF Norge, Ivar Stokkereit.

Ivar Stokkereit

REAGERER: Juridisk rådgjevar i UNICEF Norge, Ivar Stokkereit, reagerer på regjeringa sitt forslag om at mobbarane må byte skule.

Foto: UNICEF

I går fortalde NRK om June Elise Gulli, som vart oppfordra til å byte skule då ho fortalde om mobbinga ho vart utsett for. No vil regjeringa endre lova for å gjere det klart at det er mobbaren som må flytte til ein anna skule.

Lovverket opnar allereie for at ein kan flytte mobbarar til andre skular. Men regjeringa foreslår no å presisere i opplæringslova og privatskulelova at det er mobbarane som må byte skule i slike saker.

– Me gjer no lovverket tydelegare, slik at det kjem klart fram at det er mobbaren som skal byte skule og ikkje den som blir mobba, seier Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Det beste for barnet

Dette reagerer UNICEF Norge på.

– I barnekonvensjonen står det at ein må vurdera det enkelte barn sitt beste i alle saker som angår barn. Det er viktig at ein gjer det og i desse sakene, seier Stokkereit.

UNICEF Norge meiner at det ikkje er kva som gjort, men kva som er til beste for barna som må vera grunnlaget for bytte av skule.

– Ein må vurdera omsynet både til dei som blir mobba, men og til mobbaren. Ein må gjera ei avveging i dei ulike omsyna. Det må ikkje bli automatikk i at det alltid er omsynet til den som mobbar som må vika. Det viktige er at det vert gjort ei reel vurdering av desse omsyna, seier den juridiske rådgjevaren.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)

TYDLEGARE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner at lovverket blir tydlegare når regjeringa no foreslår å presisera i opplæringslova at det er mobbarane som må byte skule.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix



Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.