– Me har bestemt oss for å arrestera mannen, seier Terje Magnussen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Det har i natt og morgontimane vore eit stort søk etter ein båtførar i 30-åra utanfor Radøy i Hordaland. Politiet har no tatt prøvar av mannen, og mistenker han for å ha vore sterkt rusa til sjøs.
Sendt til sjukehus
Det var i totida i natt politiet fekk naudmeldinga frå vestsida av Radøy. Då sende båtføraren tekstmelding til kjærasten sin om at båten var tom for drivstoff, og han blei meld sakna.
Sju timar seinare, rundt klokka 09.00, vart mannen berga av eit Sea King-redningshelikopter frå eit skjær. Då hadde båten drive mot land, og han hadde sjølv teke seg i land på skjæret.
– Han er nedkjølt og blir tatt med i helikopter frå staden. Han klatra sjølv i land etter å ha å ha hatt kontakt med redningsmannskapa. Båten låg og slo mot land, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.
Mannen skal ha vore kald, men i grei form då han kom seg i tryggleik. Han er no sendt til Haraldsplass diakonale sjukehus.
Sende tekstmelding
Politiet jobba lenga med å få kontakt med mannen på telefon, utan hell.
– Sidan har me forsøkt å få tak i han, men me får ikkje kontakt på telefon, sa operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt fredag morgon.
I morgontimane like før klokka 08.00 vart båten observert drivande mot land.
Brannvesen, politi og redningsskøyta «Stormbull» frå Hovudredningssentralen deltok i redningsaksjonen.
Søk etter mobilsignalet gav redningsleiar og politi grunn til å tru at mannen var i området mellom Hjeltefjorden og Bøvågen.
Ein politipatrulje drog òg til bustaden til mannen for å sjekka om han har kome seg heim i mellomtida.
Redningsskøyta leita med lyskastar og varmesøkjande kamera, men på grunn av regn og tåke var sikta redusert.
Redningsleiar Kjetil Hagen i Hovudredningssentralen beskreiv klokka 7 situasjonen som uklar.