Hopp til innhold

Denne køyringa får politiet til å sjå raudt

– Kva er det med folk? Er noko så viktig at dei er villige til å døy for det? Slik reagerte politiet på Voss då dei fekk sjå opptak av fleire stygge forbikøyringar.

– Kva er det med folk? Er noko så viktig at dei er villige til å døy for det? Slik reagerte politiet på Voss då dei fekk sjå opptak av fleire stygge forbikøyringar.

SJÅ VIDEO: Politiet meiner folk tar altfor store sjansar i ferietrafikken.

Torsdag blei politiet på Voss vist eit opptak frå ein lastebilsjåfør som på ti minuttar dokumenterte fleire stygge forbikøyringar. Den sette sinna i kok på lensmannskontoret.

– Folk tek heilt vanvettige sjansar. I videoen ser me stygg og aggressiv køyring, seier politibetjent Håvard Skattum.

Sjå sjølv i videovindauget øvst i saka!

– Heilt meiningslaust

Yrkessjåføren som var på veg på si faste rute frå Oslo til Bergen seier at han er lei av å sjå farlege situasjonar på vegen og bestemte seg for å dokumentere det, seier Skattum.

– Sjåføren ville gjerne vise oss videoen. Han ringde oss, og vi reiste for å møte han på Voss og fekk sjå filmen, seier politibetjenten.

I videoen er sjåføren på veg ned frå Hardangervidda mot Eidfjord på riksveg 7.

Den første farlege situasjonen som oppstår er ein bil som fleire gonger svingar over i motsett køyrefelt rett framfor andre bilar i Måbødalen. Seinare køyrer ein motorsykkel forbi rett før eit fotgjengarfelt.

Til slutt har kameraet fanga ein bil som på strekninga mellom Brimnes og Hardangerbrua tek ei forbikøyring i ein sving med særs dårleg sikt. Like etter kjem ein bil køyrande i motgåande retning.

Saka held fram under biletet

forbikøyring hardanger

FARLEG: Trass dårleg sikt, legg bilen seg ut i motsett køyrefelt og køyrer forbi. I det bilen avsluttar forbikøyringa kjem det ein bil i mot.

Foto: Kjell Einar Milde / Privat

Sterke reaksjonar

Facebookstatus

AKTIVE PÅ FACEBOOK: Politiet på Voss sin melding om videoen dei nett hadde fått sett.

Foto: Facebook

– Dei tener berre noko sekund på dette, det er heilt meiningslaust, seier Skattum.

Politiet på Voss er aktive på Facebook og har tett kontakt med lesarar som sender inn tips. Det var politiet sjølv som torsdag kveld la ut ein status på Facebook der dei er tydeleg provosert over innhaldet i videoen.

– Kva er det med folk? Er noko så viktig å nå at dei er villige til å døy for det?, spør politiet i statusen, og fleire av følgjarane har byrja å diskutere i kommentarfeltet under.

Statusen har laurdag nær 550 liker og over 50 kommentarar.

– Ein ting er att dei døyr sjølv, men kva med dei uskuldige dei tek med seg på den galskapen dei viser, skriv ein person i kommentarfeltet.

– Slike ting opplever eg dagleg, skriv ein annan.

Fryktar ny ulukkessommar

Sommartrafikken tok i fjor fleire liv enn på mange år. Både Utrykkingspolitiet og Trygg Trafikk fryktar at tala kan bli endå styggare i år.

– Vi har alle ressursane våre ute på vegane for å ta verstingane, sa UP-sjef Runar Karlsen til NRK tidlegare denne veka.

I løpet av det første halvåret av 2014 har 76 personar mista livet på vegane i landet, noko som er tre fleire enn i same periode i fjor. I juni år var det 15 personar som omkom i trafikkulukker mot 16 personar i fjor.

Trygg Trafikk ber innstendig om at folk roar ned for å hindre fleire alvorlege ulukker.

– Kvar einaste alvorlege ulukke er ein tragedie som råkar mange menneske. Vi oppfordrar alle til å ta det roleg, respektere fartsgrenser og køyre rusfritt og utkvilt i sommar, seier direktør Jan Johansen.

Ber folk vere forsiktige

På Voss er dei samde med UP og Trygg Trafikk. Politibetjent Håvard Skattum seier at det er ekstra viktig å vere varsam i trafikken no i fellesferien.

– Det er mykje trafikk på vegane. Dei som køyrer i ferietrafikken må vere flinke til å sleppe fram trafikken. Det er rett og slett ikkje verdt å ta sjansar berre for å spare nokre sekund.