Hopp til innhold

Her ryk førarkortet i 160 km/t

E18 I VESTFOLD (NRK): Ingen politibil i sikte, her er det berre å gi på litt, tenkte kanskje denne bilføraren. Det han ikkje visste var at han akkurat hadde køyrt forbi ein sivil UP-patrulje.

Video fra politiet.

VIDEO: Denne bilføraren misser førarkortet.

Vi er om bord i ein av dei sivile UP-bilane som patruljerer norske vegar. Det er sommar, sol og ein god del trafikk på E18 i Vestfold ein føremiddag i juli. Bak rattet i den store kamuflerte politibilen sit Heidi Scisly og ved sida av seg har ho Svanhild Bjerkemo.

Videoen over, som vart teken opp frå patruljebilen til Heidi og Svanhild eit par dagar før vi var med dei, viser skjermbiletet dei får opp i bilen når dei har valt å snittmåle eit køyretøy. Her kom farta opp i over 160 kilometer i timen, og då er det ingen tvil. Det blir førarkortbeslag og ei saftig bot.

Dei to er UP sin einaste reine kvinnepatrulje. Dei har begge over 20 års fartstid i politiet, og med sju og åtte års erfaring frå UP. Begge stortrivst i jobben som trafikkpoliti.

Heidi Scisly og Svanhild Bjerkemo i UP I Vestfold.

Sivil UP-patrulje klar til innsats. Heidi Scisly (t.v.) og Svanhild Bjerkemo.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Over fartsgrensa

Svanhild Bjerkemo i UP.

Svanhild Bjerkemo sjekkar har ansvaret for papirarbeidet i patruljen denne dagen.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Vi køyrer ut frå Gulli i Tønsberg og sørover på E18. Det er mange som ligg over fartsgrensa. Fartsmålaren på videoskjermen på midtkonsollen i bilen viser at fleire bilar ligg på nærmare 120 km/t i 110-sona. Men det er førebels ingen grunn til å gripe inn.

Fartsgrensa er sett ned til 80 på ein strekning mellom Tønsberg og Sandefjord på grunn av vegarbeid. Mange bryt fartsgrensa, men det er ingen som køyrer direkte stygt.

– Vår jobb er å ta verstingane. Dei som køyrer fort, samstundes som dei kanskje ligg altfor tett opptil bilen framfor seg, dei som skapar farlege situasjonar i trafikken. Det er mange som bryt paragraf 3 i Vegtrafikklova, som seier at vi skal vise omsyn, seier Heidi Scisly.

– Vi er sjeldan i tvil om kva bilar vi bør observere nærmare. Då legg vi oss i passeleg avstand og følgjer bilen i fleire minutt. Vi målar snittfarta, samstundes som vi trekkjer frå ein tryggingsmargin. Det vil seie at dei som blir tekne har hatt ei langt høgare fart enn den snittfarta vi tek dei for, skyt kollega Svanhild Bjerkemo inn.

Svanhild Bjerkemo (t.v.) og Heidi Scisly.

Ikkje mykje som avslører at dette er ein sivil politibil: Til venstre Svanhild Bjerkemo og bak rattet Heidi Scisly.

Foto: Bent Tandstad / NRK

LES OGSÅ: Fryktar ny dødssommar på norske vegar

Godt over 130

Vi snur ved Sandefjord og køyrer nordover gjennom vegarbeidsområdet igjen, og så inn på 110-sona igjen. Snart er det ein svart BMW som vekkjer UP-jentene sin interesse, og snittfarta hans blir målt til 127 kilometer i timen. Det betyr at han har vore godt over 130 kilometer i timen.

Sjåfør Heidi signaliserer at han skal stanse ved å setje på blålysa. Føraren av BMW-en køyrer straks inn til sida. Heidi går ut av bilen og snakkar med han, sjekkar førarkort og vognkort, og så blir han teken med inn i bilen.

Den mannlege bilføraren har ingen problem med å vedgå at han køyrde for fort, og han tek ikkje mot tilbodet om å få sjå på videoen. Han aksepterer eit forenkla førelegg på 3600 kroner og at han har fått to prikkar i førarkortet.

Dette er reglane for prikkbelastning

God og høfleg tone

Tonen er god, ingen er høgrøysta, og det går berre nokre få minutt før BMW-føraren får køyre vidare. Han var på veg til ei gravferd, fortel han oss i baksetet, og hadde litt dårleg tid.

– Dei aller fleste vi tek er høflege og godtek førelegga utan protestar. Etter 20 år i ordensavdelinga i politiet er dette ein heilt anna kvardag. Det er svært sjeldan at nokon lagar bråk, seier Heidi Scisly.

Heidi og Svanhild kan også fortelje om store kontrastar i arbeidet. Menneska dei møter på vegen er ulike. Det er fattige og rike, sjuke og friske, intelligente og mindre intelligente. Det dei har til felles er at dei har førarkort og ferdast på vegen.

– Ein dag tok vi beslag i førarkortet til ein av dei rikaste mennene i Noreg på grunn av råkøyring. Berre ein time seinare tok vi førarkortet frå ei kvinne som truleg var ei av dei fattigaste. Ho var narkoman, og førarkortet var noko av det siste ho hadde igjen frå det «normale» livet. Det er viktig at vi behandlar alle med respekt, seier Heidi.

Heidi Scisly (t.v.) og Svanhild Bjerkemo i UP.

Heidi Scisly (t.v.) og Svanhild Bjerkemo sjekkar utstyret bak i den sivile patruljebilen. Her er alt dei treng for å gjennomføre kontrollar av rusmistenkte.

Foto: Bent Tandstad / NRK

LES OGSÅ: Flest omkommer av fart og førerfeil

LES OGSÅ: Derfor sovner du bak rattet

For fort med tilhengjar

Ferda nordover på E18 held fram. Mange ligg over fartsgrensa, fleire bilistar held litt for kort avstand, nokre skiftar fil litt oftare enn dei burde, men det er ingen som direkte utgjer nokon fare for andre trafikantar. Vi snur bilen i Sande og set kursen sørover igjen.

UP-patruljen køyrer roleg sørover på fartsgrensa. Fleire bilar køyrer forbi oss, men det er ikkje fort nok til at dei erfarne politikvinnene finn grunn til å gripe inn. Men så, når vi nærmar oss Kopstad, ser vi ein firehjulstrekkar med tilhengjar som ser ut til å ha hastverk.

Farta er over 100 kilometer i timen, og føraren gjennomfører fleire forbikøyringar. For ein bil med tilhengjar så er det ikkje lov å køyre fortare enn 80 kilometer i timen, sjølv om fartsgrensa her er 100.

Video fra patruljebil.

VIDEO: UP innhentar bil med tilhlengjar

Hadde dårleg tid

Det blir så mange forbikøyringar og så stor fart at Heidi og Svanhild meiner det er nødvendig å stanse han. Det er på med blålysa, og føraren køyrer lydig inn til sida. Så er det same prosedyre igjen, og også denne føraren vedgår sin skuld. Ja, han visste at fartsgrensa for bil med hengjar var 80, men så var det den tida då.

Det var noko han skulle rekke.

Han var heilt på grensa til å få 4900 kroner i bot og tre prikkar i førarkortet, men når tryggingsmarginen er trekt frå så blir det 3600 kroner i bot og to prikkar i førarkortet i staden. Det var mannen takknemleg for.

– Det verkar som at prikkane svir meir for dei fleste enn sjølve bota. Ved åtte prikkar i løpet av tre år så ryk førarkortet, og då er det ingen veg tilbake. Då kjem fortvilinga skikkeleg til syne hos mange, seier Svanhild Bjerkemo.

– Meiningsfylt arbeid

To bøter på til saman 7200 kroner var altså «fangsten» på dei knappe to timane vi var med i bilen. Like før vi kom på tok dei beslag i eit førarkort. Heidi og Svanhild kan fortelje at dei i løpet av nokre få veker har skrive ut førelegg for over 200.000 kroner.

– Bøtene er ikkje det viktigaste her. Vi gjer ein viktig jobb ved å luke ut dei som utgjer ein risiko. Det at vi kan vere med på å redusere talet på drepne og skadde i trafikken, gjer at dette er eit meiningsfylt arbeid, seier Heidi Scisly og Svanhild Bjerkemo.

Noko av det viktigaste dei gjer er å stanse bilførarar som kan vere rusa. Og det er langt frå berre alkohol og tradisjonell narkotika det er snakk om.

– Mange køyrer i rus utan å vite det. Dei har fått resept på til dømes Paralgin Forte av ein lege, som kanskje har foreslått ein eller to tablettar kvar dag. Så er det dei som doblar dosen og ikkje forstår at dei blir påverka av det, seier dei.

AKTUELT NÅ