Hopp til innhold

Redd for privatskule-ryktet

Leiinga ved privatskular er livredde for å bli sett i samme bås som skandaleskulen John Bauer.

John Bauer-gymnasets fasade
Foto: Inger Lise Uhnger / NRK

Fredag kom siste nytt i John Bauer-såpeoperaen, der Staten meiner privatskulen har misbrukt mange millionar offentlege kroner. Grunnen er at skulen ikkje skal ha gjeve elevane undervisninga dei har krav på, og Utdanningsdirektoratet krev 7.3 millionar kroner tilbakebetalt.

Fryktar privatskulebås

Men såpeserien starta i fjor haust med at Fylkesmannen i Hordaland meinte at privatskulen braut privatskulelova ved å handla for millionar med verksemder som dei sjølve kontrollerer.

Sidan har snøballen rulla og skandalen vakse. No fryktar andre privatskular at John Bauer-saka skal setja alle i same negative bås. Rektor Terje Risa på privatskulen Akademiet har meir enn nok søkjarar til skulen, men fryktar politikarane trur alle er som John Bauer.

Raud-grøn frykt

- Alle trur jo at John Bauer, Akademiet og Sonans er éi smørje alle saman, noko som ikkje er tilfelle. Vi blir dratt med i dragsuget her, er inspektøren redd for.

Men elevane strøymer til dei private skulane. Det er frykt for den politiske motvinden som er størst.

- Eg trur den raudgrøne regjeringa synes denne saka betyr «Kva var det vi sa - kva har vi alltid sagt om privatskular», slik at dei får vatn på mølla, seier Risa.

- Toppen av isfjellet

Skulepolitisk talsmann i SV i Bergen, Simen Willgohs let seg ikkje be to gongar. Han trur nettopp John Bauer-saka berre er toppen av isfjellet når det gjeld privatskuledrift i Noreg.

- Eg vil ikkje seia at dette er eit unntak. Eg trur dette er meir regelen enn unntaket. Difor må vi ta ein gjennomgang og finne ut kva dei private skulane i Noreg driv på med for tida, seier Willgohs.

- Eit grovt unntak

Det er nett slike politikar-meiningar også Nils Ivar Brennhaug fryktar mest. Han er inspektør på privatskulen Danielsen vidaregåande i Bergen. Han håpar i det minste ingen potensielle elevar let saka mot John Bauer- gymnaset avgjera skulevalet.

- No kjem denne nyheita akkurat i det tidspunktet der elevar i vidaregåande skular får tilbod om plass i den offentlege skulen og kanskje sit og vurderer offentlig skule mot privatskule, seier Brennhaug, som heller ikkje vil bli dratt med i John Bauer-dragsuget.

- Det er det store grove unntaket for korleis private skular driv, meiner inspektøren.