Hopp til innhold

Politiet: – Stod på taket og trefte noko i tunnelen

Politiet veit no meir om kva som skjedde då ein 19-åring vart kritisk skadd på ein russebuss.

arnanipatunnelen

TREFT AV NOKO I TUNNELEN: Arnanipatunnelen på E16 var stengt etter ulukka natt til torsdag. Politiet har funne spor i tunnelen etter kor 19-åringen slo hovudet sitt og fekk kritiske skader.

Foto: EVA CATHRINE BERGET

Det var natt til torsdag at politi og naudetatane rykte ut til E16 i Arna, etter meldingar om ein 19 år gamal russ var funne med kritiske hovudskadar på taket av ein russebuss.

19-åringen ligg framleis livstrugande skadd på Haukeland sjukehus, medan politiet har etterforska saka grundig sidan torsdag.

Også laurdag har dei gjort undersøkingar. På føremiddagen stengde dei Arnanipatunnelen på E16 på ny, for å gjera åstadsundersøkingar.

Trefte noko i tunnelen

Politioverbetjent Endre Laukeland ved Bergen nord politistasjon, fortel at dei no har funne spor etter kor 19-åringen slo hovudet sitt.

– Han har treft ein gjenstand inne i Arnanipatunnelen, medan bussen var i fart, seier Laukeland, som ikkje vil gå i detalj om kva 19-åringen har slått hovudet i.

– Vitner har fortald at han stod på taket då bussen køyrde gjennom tunnelen. Men det er ikkje noko som tyder på at det har vore ein fest på taket. Han var aleine på taket, presiserer politioverbetjenten.

Kritisk skadd etter å ha stått på taket av russebuss

PÅ TAKET: 19-åringen vart funne på taket av denne bussen, av medruss.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Vitneavhøyr

Det skal ha vore 22 personar om bord i russebussen, som var på veg frå Osterøy mot Bergen. Bussen høyrer til elevar ved Fana gymnas, der også 19-åringen var elev.

Mange av dei som var om bord er avhøyrde i saka, og det er vitneskildringar som gjer at politiet har kome nærare eit svar på kva som skjedde.

– Medrussen om bord har det veldig tøft no. Dei er sterkt prega av det som har skjedd med kameraten.

Det gjenstår framleis fleire avhøyr i saka.

Funnen på taket

Mannen vart funne av medruss på bussen, då den parkerte i ei lomme mellom to rundkøyringar i Arna. Sjåføren, ein mann i 40-åra frå Litauen, har vore formelt sikta i saka då han ikkje bevis på førarrett på seg då politiet kom til ulukkesstaden.

I dag har politiet fått bekrefta at sjåføren har lov til å køyra buss. Kripos har hjelpt til med å hente informasjon frå heimlandet hans om kva førarrett han har.

I avhøyr har han forklart at han verken såg eller høyrde at nokon var på taket av bussen då han køyrde gjennom Arnanipatunnelen.

Politiet har ikkje fått svar på blodprøven som er tatt av sjåføren, og vedkommande er difor framleis formelt sikta i saka.