Hopp til innhold

Hogne erklært død etter russebussulukke – no lagar han musikk om hendinga

Han svevde mellom liv og død etter ein hovudskade. No takkar han musikken for at han ser lyst på framtida.

Hogne Borgen Brekke

MUSIKER: Hogne Borgen Brekke lager musikk under artistnamnet Bengoo.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sjølv hugsar han ingenting frå natta til 12. mai 2016.

Politietterforskinga kom fram til at han prøvde å fikse lydanlegget i bussen «Black Rock City».

Han klatrar opp ein stige, opp på taket. Russebussen er i fart. Inne i ein tunnel i Arna treff noko han i hovudet.

I fem dagar vert han halden kunstig i livet på Haukeland. Han er erklært klinisk død. Men sakte kjempar Hogne seg tilbake til livet.

russebuss

BUSSEN: Hogne Borgen Brekke stod på taket av denne russebussen, då den køyrde gjennom Arnanipatunnelen.

Foto: KJETIL RYDLAND

Låt på spotify

«I`m still here. I wont disappear. Something went wrong. But I am still strong»

Hogne Borgen Brekke (24) høyrer saman med musikkterapeut Elisabeth Torstuen på låten han no har gitt ut under kunstnarnamnet Bengoo.

Etter fire år med musikkterapi har dei i dag siste time saman.

– Kvar gong eg har vore her føler eg meg glad og lett til sinns. Musikk har den verknaden på folk. Utan den trur eg det hadde vore vanskeleg å sjå lyst på livet.

Saman med Torstuen har han laga fleire låtar som han håper å kunne gje ut.

– Eg vil vere eit godt eksempel på at ein kan jobbe seg vidare. Kanskje tenker folk at dei har mykje å vere takksame for når dei høyrer musikken min.

Hogne Borge Brekke og musikkterapauten Elisabeth Torstuen

TERAPI: Hogne Borgen Brekke og musikkterapauten Elisabeth Torstuen fotografert ved ei tidlegare anledning.

Foto: Therese Pisani / NRK

Hard opptrening

Dei færraste hadde trudd at Hogne ein dag kunne lage sin eigen musikk etter ulukka.

Framleis må han ofte leite etter dei rette orda. Men elles står han fram som ein normal ung mann.

– Eg var veldig, veldig nær å døy. Det tenkte eg mykje på før. Og det var tungt at mange ting var vanskelege.

– No tenker eg meir på at det gjekk så bra samanlikna med korleis det kunne ha gått. Eg er positiv og glad.

Han er ikkje i tvil om at musikkterapien har gjort han både gladare og friskare.

Det er terapeut Torstuen samd i.

– På dei åra vi har hatt saman har Hogne blitt mykje flinkare til å uttrykke seg. Gjennom musikken viser han ei stor utvikling.

– Og så har han eit stort musikalsk talent.

Musikkterapeut Elisabeth Torstuen og Hogne Borge Brekke har laga musikk som er tilgjengeleg på Spotify.

TERAPAUT: Musikkterapaut Elisabeth Torstuen og Hogne Borge Brekke sjekker ut låta dei har laga.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Siste terapitimen

No er Hogne Borgen Brekke klar for neste steg. Til hausten skal han på folkehøgskule.

Han har allereie klar fleire låtar som han håper å kunne dele med verda.

– Musikken handlar om meg sjølv. Og eg vil at folk skal tenke at sjølv om ting kan skje må dei vere positive.

– At eg kan gå, smile og snakke er jo utruleg. Rett etter ulukka synest eg synd på meg sjølv. No tenker eg mest at det var fint at det gjekk så bra som det gjorde.

«You wondered if I would be the same. Or would I spend my life in a wheelchair. Past is past – that`s a fact. Don`t wast your time feeling sorry.»