Hopp til innhold

– Tre barn forsøkt lokka på skuleplass

For andre gong denne veka har politiet fått melding om mogleg lokkemann. – For tidleg å seie om det er noko samanheng mellom sakene, seier politioverbetjent.

Tveit skole

Det var på skuleplassen i nærleiken av Tveit skole at tre barn skal ha blitt lokka av ein mann. (Arkivfoto)

Foto: Tveit skole

– Eg vart ringt opp av dottera mi, som fortalde at dei hadde gøymd seg i skogen, fortel mora til ein av tre barna som torsdag kveld skal ha blitt lokka av ein mann på skuleplassen ved Tveit skole på Askøy.

Ifølge avisa Askøyværingen skjedde det i 20.00-tida. Ein mann med lang frakk og hette dukka opp og skal ha bedt barna om å komme bort til han. Etter at dottera hadde ringt, heiv mora seg i bilen for å hente dei.

– Ho sa at mannen framleis ropa på dei. Då eg kom fram så såg eg han ikkje.

Politiet undersøkjer saka

Mora valde å melde saka til politiet, og seier til Askøyværingen at ho i samråd med andre foreldre bestemte seg for å også varsle andre og be om tips på Facebook. Åtvaringa er delt av fleire hundre på under eit døgn.

Også på Ågotnes er politiet på leit etter ein mogleg lokkemann. Etter skuletid onsdag skal ein mann ha forsøkt å lokka ein gut i barneskulealder bort til bilen sin. Politiet seier det er for tidleg å slå fast om det er noko samanheng mellom dei to sakene.

– Dei to forholda liknar på kvarandre, men det er for tidleg å seie. Vi undersøkjer saka nærare, seier politioverbetjent Thomas Sørensen ved Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt.

Får fleire meldingar i året

Sørensen forklarar at politiet får meldingar om denne type episodar fleire gongar i året.

– Det er ikkje alltid det er grunnlag for å sei at nokon har forsøkt å gjera noko straffbart. Så no arbeider vi med å få klarlagt kva som har skjedd her. Vi samlar inn informasjon og etter kvart håpar vi å få kontakt med personen og høyre kva det er som har skjedd, avsluttar Sørensen.