Hopp til innhold

Politiet trur sakna mann er omkomen

Politiet avsluttar leiteaksjonen etter Tomasz Ziolkowski i Ulvik i Hardanger. Funn av bilete på den sakna si datamaskin forsterkar politiet sin teori om at 30-åringen har oppsøkt ulendt terreng.

Røde Kors-mannskaper har en kort pause under leteaksjonen i Ulvik

AVSLUTTAR SØKET: Politiet avsluttar måndag kveld søket etter den sakna 30-åringen i Ulvik. Eit titalts personar har dagleg delteke i søket.

Foto: Stine Håvik / Bømlo Røde Kors Hjelpekorps

Politiet avsluttar leiteaksjonen etter Tomasz Ziolkowski (30), som har vore sakna frå Ulvik i Hardanger sidan førre måndag.

– Me fryktar at mannen ligg omkomen i fjellet, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Vest politidistrikt.

Tomasz Ziolkowski

SAKNA: Den sakna Tomasz Ziolkowski. Politiet offentleggjorde namn og bilete førre veke i samråd med hans pårørande.

Foto: Privat

Fann turbilete på datamaskin

Ziolkowski skal førre søndag ha gått på tur i området rundt Kristinuten nord for Ulvik sentrum. Den polske 30-åringen vart meldt sakna av sine arbeidskollegaer då han ikkje dukka opp på jobb korkje måndag eller tysdag.

I etterretningsarbeidet kom politiet over bilete på datamaskina til den sakna. På fleire av bileta var Ziolkowski fotografert på kanten av stup.

– Den sakna har truleg likt å oppsøka tøft terreng. Det forsterkar vår teori om at det kan ha skjedd han noko i eit område som er lite tilgjengeleg, seier Kronen.

Mannen vart førre sundag observert av ein turgåar ved Solsævatnet nord for sentrum av Ulvik.

Politiet vil i morgon ta stilling til om ein vil starta søk etter ein anteken omkomen person. Då vil politiet i tilfelle søka med sonar i Solsævatnet og med dronar i terreng der korkje leitemannskap eller helikopter har klart å nå fram.

– No er målet å få leitemannskapet ned frå fjellet før det vert mørkt.

Innsatsleder Gisle Antun sammen med helikopterfolk under leting i Ulvik

HELIKOPTER: I tillegg til Røde Kors og Norske Redningshunder, har helikopter og eit stort antal leitemannskap delteke i søket etter den sakna mannen i Ulvik. Måndag kveld avslutta politiet leiteaksjonen.

Foto: Vidar Herre / Avisa Hordaland

– Formidabel leiteaksjon

Eit titals leitemannskap frå politiet, Raude Kross, Heimevernet, Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder har finkjemma fjellområdet nord for Ulvik sentrum kvar dag sidan førre onsdag. I tillegg har leitemannskap sete på lyttepost i fjellet om natta. To helikopter har delteke i søket.

Politiet står likevel heilt utan spor.

– Det er ikkje ofte me held på så lenge. Dei frivillige mannskapene har lagd ned ein formidabel innsats, seier Kronen.

Måndag kveld avslutta helikopteret søket i fjellområdet nord for Ulvik sentrum.

– Me har gjort det me kan og leita der me har hatt moglegheit. Ein stad må me setja ein stopp, seier operasjonsleiaren.

To aksjonar – ingen spor

I helga avslutta politiet også leiteaksjonen etter den sakna litauaren på Evanger .

Aidas Kackiukas (40) frå Litauen vart sist sett klokka 06:00 tysdag førre veke, nord for Evanger i Voss kommune. Både politi og leitemannskap frå Røde Kors har leita sidan den tid, utan hell.

– Me har ikkje funne eit einaste spor, sjølv om me har saumfare eit ganske stort område, og også nytta mykje helikopter. Ingen gjenstandar har dukka opp, og ingen har sett noko som kan gje oss eit hint om kva som har skjedd, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit til NRK laurdag.