Hopp til innhold

Mann (49) frå Bergen funnen død på Stemmemyren

Mannen blei ikkje utsett for noko kriminelt, trur politiet.

Person funnet død på Stemmemyren i Sandviken

SKRENT: Personen blei funnen på ein fotballbane, like under denne skrenten.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Ein person blei like etter klokka 11.30 sundag funnen død av forbipasserande ved ein fotballbane på Stemmemyren i Sandviken.

Naudetatane rykka ut, og det blei gjort forsøk på hjarte- og lungeredning, men personen blei konstatert død på staden.

Politiet fann ikkje ID på vedkomande. Dermed tok det tid før pårørande blei varsla.

Men klokka 19 sundag kveld stadfestar politiet at det er snakk om ein mann på 49 år frå Bergen. Dei trur ikkje dødsfallet skuldast ei kriminell handling.

Innsatsleiar Tordis Myrseth i Vest politidistrikt

INNSATSLEIAR: Tordis Myrseth var politiets innsatsleiar på staden.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Etterlyste vitne

Ein polititeori var at det kunne dreia seg om ei fallulukke. Den døde blei funnen under ein bratt skrent ved svømmehallen på Stemmemyren, like nedanfor eit bustadfelt.

Politiet veit heller ikkje når mannen døde. Dei etterlyste difor vitne som kunne ha opplysingar i saka.

Sperra av område

Politiet gjorde i 14.30-tida tekniske og taktiske undersøkingar i Sandviken. Krimteknikarar undersøkte området. Eit større område rundt bana blei sperra av.

Det blei samstundes jobba med å sjekka dødsfallet opp mot eventuelle sakna-meldingar i området.