Person funnen død i Bergen – annan person funnen alvorleg skadd på gata

LANDÅS (NRK): Person pågripen etter drap i Bergen.

Krimteknikere Landåsdrap

ÅSTEDSUNDERSØKINGAR: Krimteknikar undersøker lågblokka på Landås tysdag morgon.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Rundt klokka 03.30 natt til tysdag blei ein person funnen død i ein leilegheit på Landås i Bergen. Éin annan person blei kort tid før funnen hardt skadd på gata utanfor, etter at to personar hadde oppsøkt ein politipatrulje.

Politiet arresterte den tredje personen, som ikkje hadde teikn til skader.

– Me veit ingenting om årsakssamanhengen her. Politiet har starta arbeid operativt og etterforskingsmessig og jobbar no med å få oversikt, opplyser operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til NRK.

Person drept og annen funnet hardt skadet på landås i Bergen

SPERRA: Politiet har sperra av deler av hagen bak den aktuelle blokka. Husa på biletet har ingen tilknyting til drapet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

To av dei involverte oppsøkte politiet

Politiet omtalar dødsfallet som mistenkeleg. Like før klokka 04 var det ifølge vitneopplysingar fem ambulansar og politibilar på staden.

OPPDATERT: Politiet opplsyte tysdag ettermiddag at det er snakk om drap.

Den skadde er køyrd til Haukeland sjukehus med alvorlege skader.

Ein patrulje blei tilfeldigvis oppsøkt av to av dei involverte på Landås. Det blei raskt klart at den eine var alvorleg skadd. Den andre personen blei pågripen, og viste politiet til den aktuelle leilegheita. Der fann dei den tredje personen, som etter kort tid blei konstatert død av helsepersonell.

Det er snakk om to menn og éi kvinne. Den arresterte personen blir teken hand om av politiet og vil bli avhøyrt seinare i dag.

Politiet utenfor adresse i Nattlandsveien

LANDÅS: Politiet patruljerte framfor lågblokka på Landås i morgontimane tysdag.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Ifølge Bergens Tidende er den arresterte ein 36 år gamal mann. Politiet vil ikkje stadfesta opplysingane.

– Eg kan ikkje seia kven som har kva rolle på noverande tidspunkt, seier Halleraker.

Politiet vil ikkje opplysa om dødsårsak eller seia noko om kva type skadar den døde og den skadde er påførte.

Dei pårørande er enno ikkje varsla.

Sivile og uniformerte polititenestemann har i morgontimane patruljert og sperra av områder ved og rundt lågblokka.

I ei pressemelding sendt 06.17 skriv politiet at dei har starta rundspørjing i området. Kriminalteknikarar undersøker leilegheita.

– Det er for tidleg å seia noko om kven dei tre personane er og eventuelle relasjonar mellom dei, skriv operasjonsleiar Halleraker i pressemeldinga.

Inngangsparti til leilighet der person ble funnet død i Bergen

MISTENKELEG DØDSFALL: Klokka halv fire i natt blei ein person funnen død i ein leilegheit på Landås i Bergen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Utelukkar ikkje drap

I løpet av morgonkvisten har politiet fortløpande sperra av fleire område. Klokka 07.45 opplyser politiet at krimteknikarar framleis arbeider i lågblokka. Dei ønskjer ikkje svara på om den avdøde er frakta bort frå åstaden.

Politiet har ingen sikker identifikasjon på dei tre personane, men har ei meining om kven dei er, opplyser Halleraker.

– Mistenker de at det er snakk om eit drap?

– Ja, me vurderer i alle fall dødsfallet som mistenkeleg. Me har ein død person og ein hardt skadd person på same adresse, og har arrestert ein tredje person som kan knytast opp mot hendinga. Men kven som har gjort kva, og om dette eventuelt kan vera sjølvpåført, veit me ikkje.

Politiet vil orientera om saka på ein pressebrief klokka 12.30.

Person funnet død i leilighet på Landås i Bergen

HELD VAKT: Politiet held vakt utanfor blokka der ein person ble funnen drepen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK