Hopp til innhold

PC meir pop enn fotball

Unge gutar tykkjer PC-spel er kulare enn fotball. Ny forsking knusar myten om PC-nerden.

Wolrd of Warcraft
Foto: Kristian Hovstad / NRK

Det er heilt normalt for tiendeklassingar å bruke mykje tid på dataspel. Faktisk er det meir vanleg enn å delta i organisert fotball.

Det viser ei undersøking gjort av Hemil-senteret ved Universitetet i Bergen.

Populært og sosialt

Undersøkinga syner at tre av fire gutar i tiande klasse spelar dataspel kvar einaste dag.

Nær halvparten av desse igjen brukar meir enn to timar dagleg. Derimot er det få jenter som brukar mykje tid på PC-spel.

Torbjørn Torsheim
Foto: Kristian Hovstad / NRK

Av undersøkinga går det også fram at éin av tre tiendeklassingar deltek i organisert fotball.

Dataspel er altså langt meir vanleg enn å leike med lêrkula - dessutan fungerer pc-en som sosial samlingsstad.

- Dei fleste ungdomar spelar faktisk data saman med andre. Det er heller ikkje slik at dei har mindre kontakt med andre folk igjen, seier forskar og psykolog Torbjørn Torsheim.

-  Dei er ute saman med andre, og dei er inne saman med andre,

Torsheim knuser myten om datanerden.

- Dataspel, slik det som no framstår, er ein del av ungdomskulturen, ikkje noko nerde-fenomen, som ein gjerne tenkte før om dei som sat framfor pc-en.

- Ikkje bekymringsverdig

Nokon blir likevel avhengig av å sitje framfor pc-en å spele. Desse finst mellom dei rundt ti prosenta av tiandeklassegutane som brukar meir enn fire timar i snitt på pc-spel kvar dag.

Forskarane skal granska vidare på kva den store tidsbruken på dataspel gjer med tenåringane.

Fram til no er det ikke grunn til for å vere bekymra, ifølge Torsheim.

- Vi har ikkje grunnlag i dag for å seie at det er veldig skadeleg eller bekymringsverdig.