Hopp til innhold

På denne vegen må redde turistar ha hjelp kvar dag

Fastbuande langs den smale og svingete riksveg 13 i Hardanger opplever turismens bakside gjennom heile sesongen. Og det blir verre og verre.

Fastbuande langs den smale og svingete riksveg 13 i Hardanger opplever turismens bakside gjennom heile sesongen. Turistar og tungbilar skapar kaos kvar einaste dag.

SE VIDEO: Slik er det å køyra på kaosvegen riksveg 13 ved Sørfjorden.

– På dei verste dagane er det fullstendig kaos. Folk i vegen, folk som prøver å dirigera, og folk som er sinte. Er du skikkeleg uheldig, kan du fort bli ståande stille i over ein time, seier Randi Elisabeth Oppedal.

Ho står bak Facebook-gruppa «Kyrkjenes-Bjotveit: Verre enn kolonnekøyring». Gruppa florerer med frustrasjon og bilde som dokumenterer tilstanden langs den tolv kilometer lange flaskehalsen.

Etter at Hardangerbrua kom i 2013, har trafikken på riksveg 13 langs Sørfjorden auka kraftig. Og med Trolltunga som trekkplaster lenger inne, kan høgsesongen bli heftig.

– Dette biletet seier det meste.

Ho peikar på eit foto som viser ein lang semitrailer og ein bubil, i ferd med å passera kvarandre. Mellom dei svære bilane er det knapt plass til eit papirark. Ein passasjer i bubilen har klatra ut gjennom sidevindauga.

– Gjer frå seg over alt

Eit anna bilde viser ei campingvogn, forlaten midt i vegen.

Som småbarnsmor og fruktbonde, er Oppedal heilt avhengig av riksveg 13.

Randi Elisabetb Oppedal.

IKKJE BREI NOK: Randi Elisabeth Oppedal viser kor langt bilar må leggja seg utfor vegen enkelte plassar på riksveg 13.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– I sommarsesongen kan du ikkje planlegge nokon ting. Det er heilt umogleg å vite når du kjem fram.

Ho fortel også om eit anna problem som melder seg når folk må stå lenge i kø.

– Det finst jo ikkje toalett langs vegen. Dei gjer frå seg overalt.

– Turistane og dei utanlandske sjåførane er ikkje vande med slike vegar. Dei køyrer på til me står front mot front. Dei håpar at berre ein kjem nære nok, så skal alt ordna seg, seier Jarle Vikane, som køyrer både buss og lastebil i området.

Massivt press mot Vegvesenet

Etter massivt press frå dei fastbuande, innførte Vegvesenet denne sommaren manuell dirigering på den smalaste strekninga. Etter ei stund, blei det erstatta av lysregulering.

– Trafikklyset var eit stort framsteg. Det gjorde trafikkbiletet langt meir føreseieleg, og hindra at det korka seg heilt, fortel Vikane.

Men i slutten av august fjerna vegvesenet reguleringa.

– Dei var for raske på labben. Turistsesongen varer ei god stund enno, i alle fall ut september, seier Vikane.

Yrkessjåfør Jarle Vikane

MÅ VENTA LENGE: Yrkessjåfør Jarle Vikane og dei andre som brukar riksveg 13 må vente på utbetringar. Vegvesenet seier vegen ikkje kan utbetrast før den får plass i Nasjonal Transportplan.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Vegvesenet: – Vi tok feil

Carl-Erik Nielsen er seksjonssjef i Vegvesenet. Han stadfester at dei var skeptiske til reguleringa.

– Vi frykta at lysregulering skulle føra til endå lengre køar, og endå meir kaos. Men der tok vi feil, slår han fast.

På det meste passerer 3500 bilar i døgnet den berykta flaskehalsen. Vegvesenet er opne for å vurdera utviding av sesongen neste år.

– Vi erkjenner at det ser ut som sesongen kanskje startar i mai og sluttar i september, så det vil vi vurdere løpande.

Randi Elisabeth Oppedal håpar næringsliv og politikarar i kommunen no vil leggja endå hardare press på vegvesenet styresmaktene.

– Dette går ikkje lenger, seier ho.

Kyrkjenes - Bjotveit