NRK Meny
Normal

Nytt håp for smådyrvakta i Bergen

Bergen kommune vidarefører støtta til smådyrvakta fram til 1. november. – Fram til det vil kommunen jobbe med å finne ei permanent løysing, seier byråd Helge Stormoen.

Lisbet Holtet

NYTT HÅP: Bergen kommune vedtok i dag å vidareføre støtta til smådyrvakta enn så lenge. Støtta held fram til 1. november.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Natt til onsdag var siste natta dyreeigarar kunne ta med skadde dyr til smådyrveterinær på nattevakt i Bergen, og fem andre nabokommunar. Staten trekker støtta, og kommunane vil ikkje betale sjølve.

BAKGRUNN: – Skadde dyr får ikkje behandling før dagen etter

Spesialistveterinær Lisbet Holtet fortvila over at sjuke og skadde dyr ikkje kom til å få hjelp før dagen etter.

– Veterinærane som sit med ansvar for både små og store dyr er jo heilt fortvila no. Me håpar kommunane forstår at dette må dei få ordne på, sa Hotlet til NRK tysdag.

Og no ser det ut til at kommunen gjer nettopp dette. Bergen kommune vedtok i dag å vidareføre støtta til smådyrvakta enn så lenge. Støtta held fram til 1. november.

– Stiller opp for dyra enn så lenge

Stormoen ny byråd

HELD OPE TIL 1. NOVEMBER: Bergen kommune jobbar no med å finne ei permanent løysing for smådyrvakta, skriv byråd for kultur, næring, idrett og kyrkje Helge Stormoen. i ei pressemelding.

Foto: NRK

På møte mellom Bergen kommune, smådyrvakta og stordyrvakten, kom dei fram til ei semje om at den tidlegare statlege støtta held fram i kommunal regi fram til 1. november. Bergen kommune tilbyr dei ni smådyrklinikkane å vidareføre ordninga ved at kommunen gjev eit kommunalt tilskudd – på tilsvarande nivå som det tidligere statlege tilskotet – ut oktober.

– Fram til det vil kommunen jobbe med å finne ei permanent løysing. Smådyrvakta vil vere operativ så fort det praktisk let seg gjere, skriv byråd for kultur, næring, idrett og kyrkje Helge Stormoen. i ei pressemelding.

Sondre Båtstrand, bystyremedlem og medlem av Miljøpartiet dei grøne, er framleis uroa for kva som skjer etter 1. november.

Sondre Båtstrand

FØLGJER MED: Sondre Båtstrand, bystyremedlem og medlem av Miljøpartiet dei grøne, er framleis uroa for kva som skjer etter 1. november.

– Det er flott at byrådet har tatt innover seg kor viktig smådyrvakta er, men det har vore klart i månadsvis at dette ville skje, så byrådet er på etterskot. Men det går i riktig retning, og no tykkjer eg det er på plass med litt ros.

– No kan 35 000 hundar og 63 000 kateter og eigarane deira i Bergen puste letta ut i alle fall den neste månaden. Men me følger saka heilt til smådyrvakta er sikra på permanent basis, seier Båtstrand.

Siste video

Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.
Programleder: Mariann Reikerås