Hopp til innhold

Nydeleg, men kaldt helgevær

Sjølv om sola skin i heile fylket, blir ikkje temperaturane dei høgste denne helga.

Sol i bergen

FINT, MEN KALDT: Det blir flott vær i heile fylket denne helga, men nordavind gjer at det også blir kaldt. Biletet er frå Fløyen i Bergen i april.

Foto: Nina Eikeland (@mininina2012)

– Det blir ei fin helg, seier meteorolog Anne Mette Olsen til NRK etter å ha studert modellane for helga.

Ho fortel at laurdagen startar skyfritt mange stader, men at det etter kvart vil kome nokre mindre skyer.

– Vi trur ikkje det kjem nedbør frå dei, så det blir nok ein veldig fin laurdag i fylket.

Sol, men kaldt!

Været i Hordaland 2. mai

Slik blir været og temperaturen i Hordaland laurdag 2. mai. Klikk på biletet for å gjera det større.

Foto: Yr.no / Skjermdump

Men sjølv om sola skal skine blir ikkje temperaturane av dei høgste. Særleg ute på kysten, der det kan blåsa opp mot liten kuling laurdag.

– Det vil vera ein del nordavind på kysten, så det særleg der vil det bli ganske kaldt trass solskinet, fortel Olsen.

Ho forklarar at Vestlandet no ligg inne i kald luft som gjer at temperaturane vil ligga kring elleve grader ut på dagen.

– Vi ligg i inne i kalde arktiske luftmassar, medan polarfronten ligg lenger sør. Så sjølv om sola får temperaturen til å stige ti grader utover dagen, så er temperaturen rundt 0 om natta, til dømes i Bergen. Så utpå dagen vil temperaturane ligga kring 11 grader.

Også fint søndag

Også søndag ventar meteorologen at været blir fint.

– I alle fall først på dagen. Det vil blåsa ein god del mindre vind, noko som gjer at temperaturen blir høgare, også ute ved kysten.

Utpå dagen søndag vil det koma fleire skyer.