Hopp til innhold

Ny tilsynsrapport syner alvorleg svikt i barnevernet på Voss

VOSS (NRK): Barnevernet har i fleire saker venta vekevis med å gripa inn ved mistanke om vald og overgrep. I staden har dei ved nokre høve bede personar nær barnet «følgje med».

Marianne Røynesdal

HAR ENDRA ARBEIDSMETODAR: Barnevernsleiar på Voss, Marianne Røynesdal, avviser systemsvikt og seier dei allereie har endra arbeidsmetodar.

Foto: Arne Hofseth

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte i mars tilsyn med barnevernstenesta i Voss kommune. Åtte tilsette blei intervjua, og fylkesmannen tok stikkprøver i 26 saker. Konklusjonen er nedslåande:

«Voss barnevernsteneste har ikkje eit tilstrekkeleg systematisk arbeid for å sikre barn i alle saker som gjeld melding om vald og overgrep».

– Dette er veldig alvorleg, fordi det gjeld det viktigaste barnevernstenesta skal gjera, nemleg å sikra eit barn i alvorlege situasjonar, som vald og overgrep er, seier tilsynsleiar Hilde Ordemann til NRK.

Utset undersøkingar, ber andre følgje med

I rapporten konkluderer fylkesmannen med tre brot på barnevernslova, og slår fast at det dreier seg om «alvorlege forhold i tenesta si kjerneoppgåve». Her er nokre av funna:

NRK får opplyst at det i fleire valds- og overgrepssaker har gått fleire veker, også over ein månad, før barnevernet på Voss har gripe inn, medan dei har venta på at politiet skulle gjennomføre avhøyr.

– Mangelfulle vurderingar

– Barnevernet og politiet har kvar sine roller i slike saker. Barnevernstenesta skal vareta borna. Sjølv om dei har gjennomført akuttplasseringar, er vurderingane mangelfulle i saker der barnet kan ha behov for å bli sikra på andre måtar, seier tilsynsleiar Ordemann.

No ber fylkesmannen barnevernstenesta på Voss på rydda opp, slik at meldingar om vald og overgrep blir handtert etter lova.

– Vi har inntrykk av at dei tek dette på alvor, seier Ordemann.

Marianne Røynesdal

VIL JOBBA ANNLEIS: – Vi ser jo no at det er tid for å evaluera den måten å jobba på, og at vi ønskjer å gjera det på ein annan måte, seier barnevernsleiar Marianne Røynesdal.

Foto: Arne Hofseth

– Ikkje systemsvikt

Rapporten blei denne veka oversendt Voss kommune.

– Eg tenkjer at kritikken er rett i nokre saker. Akuttsaker handterer vi alltid umiddelbart. Men i saker som ikkje blir vurdert som akutte, sender vi alltid melding til politiet med ein gong vi har mistanke om at barnet er utsett for vald eller overgrep. Då har vi i ein del saker venta for lenge på at avhøyr skulle bli gjennomført, før vi har starta undersøkinga, seier leiar for barnevernstenesta, Marianne Røynesdal.

Ho avviser at det er snakk om systemsvikt, men fortel at dei allereie har endra arbeidsmetodar. No startar dei eigne undersøkingar umiddelbart etter å ha fått melding om vald eller overgrep.

– Vi har vurdert at det er viktig at politiet får gjera sin del av arbeidet og finna ut om noko straffbart har skjedd. Det er eit samarbeid vi har hatt i mange år. Men vi ser jo no at det er tid for å evaluera den måten å jobba på, og at vi ønskjer å gjera det på ein annan måte, også i høve til den tilbakemeldinga vi får frå fylkesmannen, seier Røynesdal.