NRK Meny
Normal

Ny klimarapport: Temperaturen i Hordaland har auka to grader sidan 1970

– Me er nøydde til å få ned utsleppa. Me har klart eit ansvar, seier klimaforskar.

F.v. Jon Cotton (28), Damon Oudejans (28), Josh Carthew (30),

VARME: F.v. Jon Cotton (28), Damon Oudejans (28), Josh Carthew (30) feira historias nest varmaste marsdag i Bergen med ein utepils tidlegare i år. Ein ny rapport viser at temperaturen i Hordaland har gått opp med 1,9 gradar sidan 1970.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Dette er særs alvorleg. Klimaforskarar har åtvara oss mot dette. No ser me at det har vore ei temperaturauke på grunn av klimautslepp, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H).

Tom Christer Nilsen

UROA: – Dette er særs alvorleg, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) om den ferske rapporten.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Hordaland fylkeskommune har fått utarbeidd ein klima- og energistatus for Hordaland i 2014. Målingar gjort på Florida i Bergen viser ein temperaturauke på 1,9 grader sidan 1970.

Det betyr at auken frå 1970 til i dag har vore nær like stor som det lågaste anslaget for auke forskarane reknar med frå no til 2050.

Tilsvarande tal frå Slåtterøy viser ein auke på 1,3 grader.

Fylkesordføraren: – La bilen stå

Torsdag behandla fylkesutvalet handlingsprogrammet til klimaplanen for Hordaland. Fylkesordføraren seier at politikarar og folk flest må bidra til å snu utviklinga.

– Det er snakk om ei rekke tiltak der me forsøker å redusere utsleppa frå Hordaland. Me må rett og slett gjera det me kan. Små tiltak kan gjere store skilnader, seier Nilsen.

– Det viktigaste folk kan bidra med er å la bilen stå, og vere flinkare til å bruke beina, seier han.

– Me treng ei internasjonal avtale

Fylkesordføraren seier det aller viktigaste for klimaet er å få til ei internasjonal avtale om utsleppskutt på eit toppmøte i Paris til neste år.

– Der er ein heilt nøydde til å kome fram til ei avtale. Dette er siste sjanse. Der må det internasjonale kome til ei avtale, elles er eg redd for at kampen er tapt.

– Føle du deg som fylkesordførar for Hordaland makteslaus overfor desse utfordringane?

– Eg er realistisk og veit at me har avgrensa innverknad på dette. Men det er ingen vits i å kjenne seg makteslaus. Folk må gjere det dei kan innanfor sitt område.

3,4 gradar over snittet i Noreg i år

Helge Drange

REKORDÅR: – Hittil i år er gjennomsnittet for Noreg 3,4 grader over, medan den for Vestlandet er 5,4 grader over, seier klimaforskar Helge Drange.

Foto: Helge Skodvin / Helge Skodvin

Professor Helge Drange ved Bjerknessenteret seier at temperaturauken skuldast ein kombinasjon av global oppvarming og naturlege svingingar i klima.

2014 teiknar også til å bli eit temperaturmessig rekordår.

– Hittil i år er gjennomsnittet for Noreg 3,4 grader over, medan den for Vestlandet er 5,4 grader over, seier Drange.

Han er einig med Nilsen i at Hordaland blir små i den globale samanhengen.

– Men om ein til dømes deler Kina inn i provinsar, blir jo også dei små einingar. Me har eit moderne samfunn, og er nøydde til å få ned utsleppa. Me har klart eit ansvar, meiner Drange.

Industrien må omstille seg til ei ny tid, der kull, olje og gass må bort frå energiproduksjonen, meiner han.

– Å sitje på gjerdet og vente vil vere ein stor risiko, seier Drange.

Siste video

Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo
Nå vurderer naboene å flytte.