Ny forskning: – Skilsmissebarn kan bli sjuke utan far

Barn som ikkje har tett kontakt med begge foreldra etter samlivsbrot har lågare sjølvtillit og hyppigare helseplager enn andre. Ny forskning bør få konsekvensar for norsk lov, meiner forskarane sjølve.

Illustrasjonsbilder: Togtur

AVSTANDAR: Ved skilsmisse flyttar gjerne mor og far på forskjellige plassar og mange barn må reise for besøke anten far eller mor.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Forskarar i Bergen og Førde har i over to år følgt over tusen barn mellom 11–13 år. Om lag kvart femte barn eller tenåring hadde opplevd skilsmisse.

Forskarane meiner resultata er tydelege. Barn utan kontakt med far eller mor har oftare helseplager som kan vera relatert til det mentale.

– Hovudverk, nakkesmerter og psykiske helseplager er typiske eksempel. Forskinga viser og at desse barna har lågare sjølvtillit, seier professor emeritus Eivind Meland ved Universitetet i bergen.

Oftast far som «forsvinn»

Nesten 40 prosent av alle norske barn opplever at foreldra går frå kvarandre, før dei har nådd slutten av tenåra.

Det er oftast far som mister kontakt med borna sine, men Meland påpeiker at det viktige er at barnet får kontakt med begge foreldra.

Forskarane definerer det å miste kontakt til at barnet ikkje lenger føler det kan ha ein fortruleg samtale med mor eller far.

Eivind Meland, professor ved UiB

FORSKAR: Eivind Meland, professor ved Universitetet

Foto: NRK

Får helseplager og låg sjølvtillit

Også forskning.no har omtala forskingsresultata. Studien er publisert i tidsskriftet Scandinavian Journal of Public Health.

Forskinga går ikkje inn på kvifor desse helseplagene oppstår.

Men Meland meiner det kan vere relatert til at barna sjølve har dårleg samvit for at dei har mista kontakten med ein forelder.

– Det er ikkje sjølve skilsmissa som er det vanskelege for eit barn, men at ein forelder delvis forsvinn frå liva deira.

Er mykje med pappa

Vegard Bratteteig har med seg dottera Astrid (3) på bytur i Bergen medan mor er med veslebror.

Familien frå Flåm legg stor vekt på at begge foreldra skal vere mykje med barna og Bratteteig er ikkje overraska over å høyre om forskingsresultata.

– Eg føler mi rolle er viktig. Eg trur borna har mykje glede av å vere saman med meg, og eg har i alle fall stor glede av å vere med dei, seier Bratteteig.

Han er ikkje like sikker på om ei lovendring er det viktigaste for å få færre problem for barn som ikkje har nær kontakt med far.

– Det er kanskje like lurt å byrje med å legge til rette for far som omsorgsperson. At det er noko som vert opplevd som attraktivt for menn. Men det er uansett godt å få stadfesta at far er viktig.

Meiner barnelova må endrast

Både barne- og ungdomslova og barnevernslova skal no gjennomgåast.

I dag seier lova at om foreldra ikkje er samde om kvar barnet skal bu, så er det retten som skal avgjera at barnet skal bu fast hjå ein av dei.

Forskargruppa innser at resultata deira er kontroversielle for mange, men dei meiner den må få konsekvensar.

Hovudregelen etter samlivsbrot må vera at mor og far får like mykje samvær med barna, meiner Meland.

– Praksisen med at ein av foreldra nærast vert velde vekk etter ei skilsmisse må endrast.

Meland påpeiker at det meste av forsking på området støtter konklusjonane deira. Han seier lovgjevarar over det meste av Europa held på å ta konsekvensane av dette.