NRK Meny
Normal

NSB ber passasjerar møta som normalt

Bergensbanen blir truleg stengt i fleire dagar etter eit ras ved Voss i går kveld. Passasjerar må rekna med kraftige forseinkingar.

Ras ved Ørneberget stasjon

STOD VED ØRNEBERGET: Jernbaneverket skal etter planen saumfara raset, som gjekk ved Ørneberget stasjon i nærleiken av Voss, i løpet av morgonen måndag. Så langt veit korkje dei eller NSB kor lang tid det vil ta før toga igjen kan gå som normalt på Bergensbanen.

Foto: Andreas Grimsæth

Det er full stans på Bergensbanen etter eit jordras ved Ørneberget utanfor Voss søndag ettermiddag.

Erik Lødding, pressetalsmann i NSB, seier passasjerar med Bergensbanen skal møta på stasjonen som normalt.

– Det vil bli avgang som normalt frå Bergen med tog til Voss, derfrå blir det sett inn buss heilt fram til Oslo. Det same gjeld frå Oslo til Bergen, der går det tog til Ål og vidare buss til Bergen.

Sender geolog til raset

Jernbaneverket har sendt en geolog til rasstedet mandag morgen.

– De er på vei ned nå og skal planlegge hvordan vi går videre nå. Størrelsen på raset er fortsatt ikke kjent, sier Inge Hjertaas i Jernbaneverket.

Det kommer trolig ikke til å bli gjort arbeid i rasområdet mandag, men fra tidlig tirsdag skal de være i gang ifølge Hjertaas.

– Arbeidet må først og fremst gjøres på en sikker måte for de som skal opp dit. De kommer nok til å renske henget for rasmasse først, sier Hjertaas.

– Vi ber folk ta vare på kvitteringar og billett, vanlege rettar gjeld som passasjer og ein kan kontakte oss i ettertid dersom ein har krav på å få noko refusert, seier Lødding i NSB.

I tvil om dine rettar som reisande? Les kva du har krav på frå NSB her.

Kan bli langvarig

Måndag morgon er Jernbaneverket sin geolog på veg for å undersøkja rasstaden nærare. Informasjonssjef Inge Hjertås seier det er for tidleg å sei kor omfattande raset er, men at det nok vil ta fleire dagar før skjenene kan opnast.

– Vi er på veg med geolog og folk som skal reinska opp i fjellsida. Først når vi har fått fjellklatrarar opp i fjellsida for å undersøkja tilhøva der, kan vi sei sikkert kor stort raset er og om det er meir som må losnast.

Det var kraftig nedbør i Hordaland søndag ettermiddag, men Hjertås seier det er for tidleg å slå fast årsaka til raset.

– Det er jo ofte nedbør som utløyser dette her, men det er altfor tidleg å sei.

Først i ettermiddag vil det bli avklart om stenginga vil vera langvarig. Men at det vil gå fleire dagar, er alt klart.

– Først må vi som sagt få opp folk i fjellet for å undersøkja tryggleiken. Så må vi få oversikt over reparasjonar, det er skader på både spora og elektroanlegget, i tillegg til at sjølve støttemuren òg har fått seg ein trøkk, avsluttar Hjertås.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.