Hopp til innhold

NRK sender opprykkskampane direkte

Klarer Brann å rykke opp? Sju høgdramatiske kampar står att før vi veit svaret. Alle kampane kan du høyre direkte på radio.

Amin Nouri, Brann-kaptein Vadim Demidov, Bismar Acosta og Alejandro Castro

OPPRYKKSJUBEL PÅ RADIO? Brann står framfor 630 minuttar med spel før vi veit om det blir direkte opprykk, kvalifisering eller framleis 1. divisjonsspel på klubben.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Brann står framfor ein svært spennande sesongavslutning i 1. divisjon. Målet er å rykka opp til eliteserien, men sju kampar om 21 poeng står att på programmet.

NRK Hordaland skal sende alle dei siste kampane direkte på radio, med Oddgeir Øystese som kommentator.

– Dei sju kampane som er att av sesongen vert svært dramatiske og utruleg viktige for Sportsklubben Brann. Vi veit at mange ikkje har tilgang til kampane på fjernsynet når dei går der, og vi vil at så mange som mogeleg skal få del i dramatikken. Det vert sterke kjensler, eine eller andre vegen, i kampane som er att, seier Øystese.

Slik kan du høyre kampane:

Oddgeir Øystese

KOMMENTERER: NRK Hordaland-reporter Oddgeir Øystese gir deg dei siste sju Brann-kampane denne sesongen direkte på radio.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix
  • NRK P1 Hordaland på DAB og FM
  • Dab-kanalen NRK Sport
  • Nettradio her

Først ut blir måndagens bortekamp mot Ranheim i Trøndelag. Ranheim ligg på sjuandeplass på tabellen, ni poeng bak bergenslaget. I slutten av april vann Brann 4–1 då Ranheim var på besøk på Stadion.

– Deler ut alle billettane gratis

– Det vert fullt hus på DnB Arena. Ein sponsor har kjøpt opp alle billettane og deler dei ut gratis. Dette er jo trondheimarane sin einaste sjanse til å sjå Brann i år! Arrangørane trur det blir eit kaos. Men Brann er i siget. Eg trur på siger. Det sit langt inne, for eg er kronisk pessimist, analyserer NRK Hordaland sin kommentator.

Oddgeir Øystese er lidenskapeleg Brann-tilhengar, og kan ikkje lova at han kjem til å stå fram nøytral i det vi får høyre.

– Min jobb er å formidle Brann sin innsats heim til Hordaland. Det skjer med eit raudt hjarte og nystemt sinn!

Brann sine siste sju:

Dato:

Kamp:

21. sept

Ranheim

Brann

28. sept

Brann

Bryne

4. okt

Kristiansund

Brann

14. okt

Brann

Jerv

18. okt

Brann

Bærum

25. okt

Nest-Sotra

Brann

1. nov

Brann

Hødd