Norsk fiskebåt inne i kantra dokk: – Vi er bekymra

Inne i den 82 meter lange flytedokken i Hirtshals ligg ein norsk fiskebåt som er nesten like stor. No fryktar eigaren at makrellfiske til hausten går fløyten.

Hirtshals Yard

SLAGSIDE: Slik ser flytedokken til Hirtshals Yard ut etter uhellet fredag morgon.

Foto: MS Hardhaus

– Det er klart vi er bekymra. Dette var veldig forkjært. Vi har ein travel sesong framfor oss i haust, men vi er også veldig glade for at det ikkje var folk involvert. Oppi det heile er akkurat dét ei letta, seier Inge Møgster, dagleg leiar i reiarlaget Hardhaus.

Tidleg fredag morgon krenga flytedokken i Danmark der ringnotbåten Hardhaus frå Austevoll ligg. Det skal ikkje ha vore personar på arbeid i dokken då uhellet skjedde.

– Vi har ikkje overblikk over skadane, men det er eit skip inne i dokken, og vi er i full gang med å prøva å redda skipet og få det ut av dokken, seier Rasmus Brohus, direktør ved Hirtshals Yard, til avisa Nordjyske.

Veit ikkje kor store skadane er

Inne i dokken ligg altså ringnotbåten frå Austevoll som var godt i gang med vedlikehaldsarbeid før makrellfisket skulle starta. Ringnotbåten skulle liggje i Hirtshals ut august.

No veit ikkje dagleg leiar Inge Møgster om det blir noko av fisket i haust.

– Vi er spente på kor store skadane er, seier Møgster, på veg til Hirtshals saman med fleire andre frå reiarlaget.

– Dokken begynte plutseleg å krenge klokka 05.30 i dag tidleg. Båten som ligg inni dokken fekk ei kraftig slagside. Det vi har fått høyre dei siste timane er at båten har sige djupare i vatnet. Dermed reknar vi med at det har kome vatn inn i maskinrommet, fortel han.

MS Hardhaus

KLAR FOR MAKRELL? Ringnotbåten MS Hardhaus har fått slagside og tek inn vatn inne i flytedokk i Danmark.

Foto: MS Hardhaus

– Prøver å rette dokken opp igjen

Det var målingsarbeid som blei gjort på den nesten 70 meter lange fiskebåten inne i dokken i Danmark. No kan det sjå ut til at vedlikehaldsarbeid blir til store reparasjonar.

– Det er vanskeleg å seie korleis dette utviklar seg vidare, seier Møgster.

Ved hamna i Hirtshals gjer dei no forsøk på å reise flytedokken opp igjen.

– Vi har tilkalla ekspertar som skal hjelpe oss med dette, seier Rasmus Brohus, ved Hirtshals Yard.

Dette bildet av MS Hardhaus ble lagt ut på verftet si Facebook-side tirsdag:

Godt på vej.

Publisert av Hirtshals Yard A/S Tirsdag 14. august 2018