NRK Meny
Normal

Her sviktar ikkje elevane nærskulen

Medan andre unge vil på skule i Bergen sentrum, er elevane i Nordhordland langt meir lojale mot nærskulen sin. Berre kvar tiande elev ønskjer å reise bort for å ta allmennfag.

Øyvind Helland Oddekalv

STERK IDENTITET: Rektor ved Knarvik vidaregåande skule, Øyvind Helland Oddekalv, trur at det er ein veldig sterk identitet i Nordhordland, og dette gjer at ungdommen vil gå på skule heime.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vi lurte på kor stor nedgangen eigentleg ville bli.

Rektor Øyvind Helland Oddekalv om søkartala

Ein gjennomgang NRK har gjort viser at halvparten av allmennfagelevane i kommunane vest for Bergen ønskjer seg til sentrum.

I Nordhordland er ungdommen langt meir lojale mot nærskulen sin enn elevane i samanliknbare bydelar og regionar.

Berre kvar tiande elev i Nordhordland ønskjer å reise bort frå regionen for å ta allmennfag.

Mange søker seg til byen

Etableringa av nye Amalie Skram vidaregåande i sentrum har gitt søknadsstorm mot allmennfagskulane i sentrum. Men medan annankvar elev på Sotra, i Øygarden og på Askøy vil til sentrum – er nordhordlendingane lojale til nærskulane.

– Vi var spent på korleis våre søkjartal til studiespesialiserande ville bli etter etableringa av nye Amalie skram vidaregåande skule. Vi lurte på kor stor nedgangen eigentleg ville bli, seier Øyvind Helland Oddekalv, rektor ved Knarvik vidaregåande skule

Men Oddekalv trengde ikkje å vere uroa.

– Vi fekk faktisk ei auke i søkjartal til studiespesialiserande, seier Oddekalv.

– Sjå til Nordhordland

At skulen i tillegg trekkjer til seg langt fleire bergensarar enn dei som reiser motsett veg imponerer opplæringsdirektør i fylkeskommunen, Svein Heggheim.

– Det er klart det er interessant for som regel så går straumen mot meir sentrale strøk, seier Heggheim.

Svein Heggheim

IMPONERT: Opplæringsdirektør Svein Heggheim ber fleire om å sjå til Nordhordland.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Til samanlikning søkjer halvparten av elevane i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden seg til sentrum. Opplæringsdirektøren ber fleire om å sjå til Nordhordland.

– Dei har vist at dei har utvikla seg og dei har ei tydeleg rolle i sin region. Difor er det ein veldig liten lekkasje og det er eit kvalitetsstempel, seier Heggheim.

Også elevane på Osterøy, i Os og i Bergen sør er mindre lojale til nærskulane enn elevane frå Nordhordland.

Rektor Oddekalv trur ein av grunnane er det gode omdømme blant folk.

– Eg trur det er ein veldig sterk identitet i Nordhordland. I tillegg trur eg at vi har eit godt omdømme ute blant folk. Den beste reklamen for skulen er nøgde elevar og foreldre, seier Oddekalv.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.