Hopp til innhold

No kan du ta studiepoeng i sorg

Store forskjellar i oppfølginga av sørgjande etter terrorangrepet i 2011 gjorde at psykolog Atle Dyregrov såg behov for ein eigen utdanning i sorg. – Me treng meir kunnskap blant dei som møter sørgjande, seier han.

Roser på Den blå stein

– TRENG MEIR KUNNSKAP: Terrorangrepet mot Norge 22. juli 2011 ein av årsakene til at det no vert starta opp sorgutdanning. Her ligg rosar på den blå stein i Bergen på toårsdagen for angrepa mot Utøya og regjeringskvartalet.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Sorgutdanninga ved Universitet i Bergen startar opp i november som deltidsstudium, og skal gå over to år. Målgruppa for utdanninga er helsepersonell som sjukepleiarar, legar og psykologar, i tillegg til andre som kjem i kontakt med sørgjande.

– Dette er den første gongen ein meir systematisk har prøvd å heve helsepersonell sin kunnskap innafor sorg, seier Dyregrov, som er psykolog og fagleg leiar for Senter for Krisepsykologi og ved Universitetet i Bergen.

– Internasjonalt finst det ikkje mange utdanningar innanfor sorg slik som me har her, seier Dyregrov.

Stor interesse frå utlandet

Atle Dyregrov

STARTAR SORGUTDANNING: Atle Dyregrov er fagleg leiar for Senter for Krisepsykologi og på Universitetet i Bergen, og han seier sorgutdanninga er eit tilbod ein ikkje får mange andre stader.

Foto: UiB

Både politi, ambulansepersonell, prestar, og sosionomar blir nemnt som aktuelle søkjarar, og Dyregrov seier det allereie har vore interesse for utdanninga utanfor Noreg.

– Me har fått førespurnad heilt frå Grønland om det er mogeleg å få delta, og me håpar at mange finn ut at dette er noko som kan gjere kompetansen deira for å møte menneske i sorg betre, seier han.

Søknadsfristen har enno ikkje gått ut, og Dyregrov seier universitetet ikkje kan ta inn for mange studentar på studiet. Dette fordi studiet går ut på at det skal vere ein god del eigenaktivitet.

– Me reknar med at det er mange som er modne menneske som har erfaring som søkjer, og blir det for stor tilstramming så vil me kanskje måtte prioritere søknadene noko, men i utgangspunktet håpar me å få plass til dei som søkjer.

Såg behovet etter 22. juli

Atle Dyregrov var den som fekk ideen om å starte utdanning som kan auke sorgkompetansen, og han seier terrorangrepet 22. juli var eit utgangspunkt for å starte opp ei sorgutdanning.

– Mange familiar vart ramma, og me såg kor forskjellig dei vart følgt opp forskjellige stader i Noreg. Då er det heilt klart at me treng meir kunnskap om sorg blant dei som møter sørgjande i ulike situasjonar, seier Dyregrov.

Utdanninga skal gi innblikk i mellom anna sorgreaksjonar, og korleis ein kan hjelpe menneske i sorg med å gi råd. Deltakarane skal også vidareutvikle og diskutere dei erfaringane dei har hatt sjølv.

Dette skal dei lære

– Dei vil lære ei rekkje intervensjonsmetodar, korleis dei kan hjelpe menneske i sorg, både gjennom det sosiale nettverket som er der, men også når dei slit med meir spesifikke plager, seier Dyregrov.

– Det kan vere korleis dei kan gi gode råd, korleis dei kan møte barn, og korleis dei kan hjelpe opp mot skular, institusjonar, og arbeidsplassar som blir ramma.