Hopp til innhold

No kan du finne fram skia

Kampen om skituristane er i gong. Nye heisar, nye løyper, og fleire snøkanonar – alt for å få deg opp i bakken tidlegare.

No opnar fleire skisenter

OPNAR I HELGA: Skisentra rundt om i Hordaland startar no opp for sesongen.

Alt neste helg kan det vere mogeleg å finne fram skia i nokre av anlegga om vêrgudane spelar på lag.

Framleis er det tynt med snø nedst i anlegga, men med kaldt ver dei neste dagane vil ivrige skientusiastar kunne ta anlegga i bruk.

– Me driv no mei dei siste testkøyringane av heisane og trakkemaskinane har alt vore oppe i fjella, seier leiar John Ivar Norheim i Myrkdalen Fjellheisar.

Hard kamp

John Ivar Norheim

KLAR FOR NY SESONG: Trakkemaskinane har alt vore oppe i fjellet, seier leiar John Ivar Norheim i Myrkdalen Fjellheisar.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Skianlegga i Hordaland kjempar ein hard kamp for å få nettopp deg til fjells og investerer stadig i nytt utstyr og nye løyper.

I Myrkdalen opnar ein ny stolheis og fire nye løyper i desember.

– I praksis betyr det at vi nesten doblar kapasiteten, seier John Ivar Norheim.

Konkurrenten Voss Resort opnar og ei ny familieløype på kunstsnø og aukar og produksjonen av snø med 50 prosent. Før hadde dei 20 snøkanonar. No får dei 10 nye.

Puddervarsel

Jan Einar Thorsen

PUDDERVARSEL: Nytt tilbod frå Voss Resort og dagleg leiar, Jan Einar Thorsen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Dei har og småtriks på lur for å lokke folk til løypene.

– Vi innfører puddervarsel der folk via eit webkamera og ein målestav sjølv kan gå inn å sjekke kor mange centimeter med nysnø som har falt det siste døgeret, seier dagleg leiar Jan Einar Thorsen.

Eikedalen skisenter ligg heller ikkje på latsida. Der kan dei by på oppgraderte heisar, ladestasjonar for elbilar og ny trakkemaskin.

Ny trakkemaskin kjem og i Furedalen. Dessutan er ei ny lysløype på plass til sesongen. Her kan no og tilby brukarane 4G tilgang i løypene.

Gratis internett i bakken

I Røldal lokkar dei med gratis trådløst internett i heile bakken til jul og vil neste sesong også opne store nye områder for skikøyring samt ein ny heis.

Alt i alt så merkast den harde konkurransen godt. Ein konkurranse med ein klar vinnar, nemleg deg som skal på ski i vinter ...

Skianlegg Voss

KVIT DRAUM: Skianlegga kan truleg opne for publikum fleire stader i Hordaland neste helg.

Foto: Alrik Velsvik / NRK