Hopp til innhold

No har Småpudden opna

I strålande solskin vart den 154 meter lange gang- og sykkelbrua over Damgårdsundet opna i dag.

I strålande solskin vart den 154 meter lange gang- og sykkelbrua over Damgårdsundet opna i dag.

VIDEO: Arbeidet med å få Småpudden på plass har tatt 18 månader. Her kan du sjå nokon av dei første som fekk gå tørrskodd over Damsgårdsundet.

– Den er heilt fantastisk, seier fotgjengar Elisabeth Bugge på veg over brua for første gong.

Bugge bur på Damsgårdsida av brua, og trur ho og familien vil bruka den mykje.

– Eg trur dette betyr at me kjem til å gå oftare til sentrum.

Svært mange hadde møtt opp for å testa ut den nye brua, som det har tatt 18 månader å få på plass.

Byrådane Anna Elisa Tryti og Erlend Horn stod for den offisielle opninga av brua.

Bergens nye landemerke nærmer seg åpning. Opplev turen over broen Småpudden mellom Løvstakken og Marineholmen for aller første gang.

VIDEO: Her kan du sjå slutten av byggeprossesen av brua.

Om høge båtar skal passera inst i Puddefjorden, må brua opnast. Den har hydrauliske klaffar på begge sider, og når dei er opne vil breidda på seglingsleden vera 20 meter.

Båtar med høgd mellom fire og fem meter kan passera fritt over.

Under kan du uforske Småpudden i 360 graders visning. Klikk på den grønne pilen og gå over broen sammen med oss.