Hopp til innhold

No er han Brann-spelar igjen

Like etter klokka 12 i dag var signaturen på plass. No er Erik Huseklepp tilbake i Brann.

Erik Huseklepp

SIGNATUR: Her er signaturen som knyter Erik Huseklepp til Brann i fire og eit halvt år.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

På ein pressekonferanse på Brann stadion blei kontrakten signert, og Huseklepp blei presentert som Brann-spelar.

– Vi signerer no ein avtale med Erik på fire og eit halvt år, sa Rolf-Magne Walstad i Brann, før den siste signaturen kom på plass til applaus blant dei frammøtte.

Han seier det har vore ein vanskeleg avtale å få til, fordi det har vore tre klubbar med i puslespelet.

– Glad og takknemleg

– Eg er veldig glad og takknemleg for å få Erik tilbake. Det skal bli artig å sjå han i kamp for Brann igjen, seier trenar Rune Skarsfjord.

Hovudpersonen sjølv seier det var fleire grunnar til at ville tilbake til Brann.

– Eg ønskte meg tilbake til Bergen. Eg sakna byen og laget, og så har eg ein familiesituasjon som gjer at det passar best for oss at eg spelar i Brann, seier Huseklepp.

27-åringen blei i slutten av april pappa for første gang.

– Det var aldri aktuelt for meg å gå til andre norske klubbar. Det er kun Brann for meg, sa Huseklepp til NRK.no på pressekonferansen.

Huseklepp meiner sjølv at han kjem tilbake til Brann som ein betre spelar enn då han reiste til utlandet.

– Men det kan jo andre koma til å ha ulike meiningar om, seier Huseklepp.

Erik Huseklepp

NUMMER 13: Her er drakta Erik Huseklepp skal spela med for Brann.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Det var på førehand spekulert i at bilforhandlaren Auto 23 skulle få fordelar av sitt økonomiske bidrag ved at Huseklepp fekk draktnummer 23.

Men no viser det seg at Huseklepp spelar med nummer 13 på ryggen.

Huseklepp kjem til å få ei årsløn som ligg på rundt tre millionar kroner.

Men på pressekonferansen i dag ville verken Huseklepp eller leiinga i Brann kommentera lønn eller andre detaljar i kontrakten.

– Eliteseriens største profil

– Vi får eliteseriens største profil tilbake, jublar salssjef Dag Frode Algerøy i Brann.

Han gnir seg i hendene og ser for seg at tusenlappane strøymer inn i klubbkassen.

Salssjefen reknar med eit kraftig oppsving i salet av effektar, og trur pågangen startar rett etter pressekonferansen i dag.

– Vi trur blant anna det blir eit rush etter drakter med same nummer som Huseklepp, seier han.

– Fleire gode eigenskapar

Algerøy meiner Huseklepp har fleire eigenskapar som gjer han til ein profil for Brann.

– Han er ein driblefant og gjer mykje spektakulært på banen. Dessutan er han ein god gut som stiller opp for klubben. Det er også eit viktig poeng at han er ein lokal gut. Det betyr mykje her i Bergen. Så tilsaman er dette ein fantastisk kombinasjon, seier Algerøy.

Kaotisk proffkarriere

Huseklepp har no lagt bak seg ei kaotisk proffkarriere i italienske Bari og britiske Portsmouth.

Brann har enno ikkje fått alle pengane Bari skuldar klubben etter overgangen i januar i fjor.

Portsmouth har vore på randen av konkurs.

Etter 18 månader er han no tilbake til utgangspunktet i heimbyen Bergen.

Huseklepp i Portsmouth-drakt

RAUD DRAKT: Erik Huseklepp i den raude varianten av drakta til Portsmouth. No blir det Brann-drakt i fleire år framover.

Foto: Digitalsport