Den sjeldne gåsenebbkvalen som stranda på Sotra utanfor Bergen i januar, har skapt stort engasjement både i Noreg og resten av verda.
Zoolog og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen (UiB), Terje Lislevand, gjer no kvalen klar for ein noko spesiell utstilling.
– Det er ei spesiell historie på mange måtar. Då vi tok inn dyret trudde vi det var den første gåsenebbkvalen som var funnen i Noreg, og det vekte jo ein del merksemd. Då vi i tillegg fann all plasten i magen på dyret, tok det fullstendig av. Denne stakkars kvalen har skapt eit veldig fokus på det miljøproblemet som plast i havet er, seier Lislevand.
- Bakgrunn:
Det er denne merksemda zoologane no vil bygge vidare på, ved å stille ut både skjelettet til kvalen og plasten som blei funnen i magen.
UTSTILLING: Skjelettet til kvalen blir utstilt på det nye Naturhistorisk museum i Bergen.
Foto: Synnøve Horvei / NRKPlastutstilling i april
Kvalen har blitt partert, og bein og kjøt vert no reingjort.
– Til slutt vert det eit puslespel å få sett saman skjelettet for utstilling, forklarar zoologen.
- Les òg:
Sjølve skjelettet vert stilt ut når ei ny utstilling på Naturhistorisk museum ved UiB opnar i 2019.
– Det er mange historier å fortelje, ikkje berre om kvalen og biologien, men òg om plastfunnet og alt dette førte til. Difor vil vi stille ut plasten i ei litt mindre utstilling som opnar på kulturhistorisk museum 20. april i år, fortel Lislevand.
– Kor mykje plast er det snakk om i denne utstillinga?
– Det er i alle fall 30 plastposar, nokre større flak av plastikk i tillegg til mindre plastbitar.
BLEI AVLIVA: 30 plastposar og store mengder mikroplast blei henta ut av magesekken til den sjuke og avliva gåsenebbkvalen.
Foto: Frederik Økland / NRKOmtalt i over 50 land
Bileta av kvalen har gått verda rundt, og europeisk og amerikansk presse har kontakta Lislevand.
– Nyleg har vi fått ei oversikt som viser at denne saka har vore på trykk i nettaviser i totalt 54 land, berre dei to første vekene. Her har vi verkeleg fått sett fokus på noko viktig!
- Les òg:
Lislevand meiner dette seier mykje om omfanget av problemet med plast i havet.
– Dette er eit kjempestort, internasjonalt miljøproblem. Gåsenebbkvalen vert ein del av denne.
– Har du tru på at denne historia kan få verda til å snu, med tanke på plastforureining?
– Eg veit ikkje om den kjem til å snu totalt, men det er jo allereie openbart at ting begynner å skje. Både lokalt og ute i verda har denne kvalen blitt brukt til å setje fokus på det miljøproblemet som plast faktisk er.