NRK Meny
Normal

Nektar straffskuld for knivdrap

57-åringen er tiltalt for å drepe kameraten med kniv. Då rettssaka byrja i dag nekta han straffskuld.

Knivstikking på Møhlenpris i Bergen

RETTSSAK: Rettsaka etter drapet på ein 59 år gamal mann i Solheimsviken i Bergen i mai 2013, byrja i Bergen tingrett i dag. Ein 57 år gamal mann står tiltalt.

Foto: Andre Bruvik / NTB scanpix

Det var 14. mai i fjor at ein 59 år gamal mann døde etter å ha blitt påført knivstikk i halsen, brystet og hendene. To andre menn vart sendt til Haukeland sjukehus med lettare skader. Drapet skjedde i ein kommunal leilegheit i Michael Krohns gate i Bergen.

Ein 57 år gamal mann er tiltalt for drapet og for å ha utøvd vald mot to andre. I dag byrja rettssaka i Bergen tingrett. Den tiltalte har tidlegare hevda at han ikkje hugsar noko frå den dagen.

– Det einaste eg hugsar er at politiet kom inn i leilegheita mi, så fekk eg handjern på, forklarte tiltalte ifølge Bergens Tidende då rettssaka byrja i dag.

Måtte lese opp forklaring

To timar etter at han vart arrestert, hadde tiltalte ein promille på 1,85. Den dagen drapet skjedde, skal 57-åringen ifølge BT har vore å handla sprit på Vinmonopolet.

Som følgje av at tiltale hugsa lite frå dagen, måtte aktor Benedikte Hordnes lesa opp forklaringa han gav kort tid etter drapet. Der stilte han seg uforståande til at hans 59 år gamle kamerat var død og at han var ansvarleg for det.

Det er sett av fem dagar til rettssaka i Bergen tingrett. Om tiltalte blir dømd for lekamsskading med døden til følgje, er øvre strafferamme fengsel i ti år.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.