Det var på ettermiddagen 14. mai i fjor at politiet fekk melding om knivstikking i ein kommunal leilegheit i Solheimsviken i Bergen. Kun eitt kvarter seinare arresterte dei mannen som no er tiltalt for å drepe den 59 år gamle bebuaren og utøvd vald mot to andre menn.
Tiltalen mot 57-åringen kom i midten av mai, og måndag 25. august startar rettssaka i Bergen tingrett.
Knivslagsmål
Den 59 år gamle mannen som budde i leilegheita i Michael Krohns gate hadde to kameratar på besøk den ettermiddagen. Saman såg dei ein ishockeykamp på fjernsyn, då 57-åringen plutseleg skal ha kome inn og starta bråk.
– Dei sa at han skulle kome seg ut, eller ville dei ringe politiet. Ti minutt seinare kom han tilbake med ein kniv, sa sonen til ein av dei involverte til Bergens Tidende dagen etter drapet.
I basketaket som følgde vart 59-åringen påført skader med kniv i halsen, brystet og henda. Dei to andre som var i leilegheita vart lettare skadd og brakt til Haukeland sjukehus.
- LES OGSÅ: |
Den eine av dei skal ha klart å parere eit knivstikk – og slått den tiltalte i hovudet med ei vannmugge.
Saka held fram under biletet
Gode tekniske bevis
Statsadvokat Benedikte Hordnes meiner det ikkje var noko krevjande etterforsking av drapet.
– Det var gode tekniske bevis i saka, fleire vitne på staden og vi har funne drapsvåpenet, sa Hordnes då tiltalen var klar. Ho er også aktor i saka.
To timar etter pågripinga hadde den tiltalte 57-åringen ei promille på 1,85 Psykiatriske undersøkingar har konkludert med at han var tilrekneleg på gjerningstidspunktet.
Hugsar ingenting
Den tiltalte 57-åringen har vore i varetekt sidan arrestasjonen. Han har beskrive drapsofferet som sin beste venn.
– Han har frå første stund gitt uttrykk for at han ikkje hugsar noko av dette, og kan difor ikkje ta standpunkt til tiltalen. Han hugsar heller ikkje noko i periodane før og etter hendinga, seier forsvarar Jostein Alvheim til NTB.
Med vitne til knivstikkinga vil saka dreia seg meir om kor streng straffa blir, enn om skuldspørsmålet. Det er sett av fem dagar til saka.