Nedtur for lakseaksjar

Milliardverdiar forduftar på Oslo Børs etter at regjeringa går inn for å utreie ein såkalla grunnrenteskatt for norsk havbruksnæring. Lakseprodusenten Salmar fell ni prosent i verdi, medan verdas største oppdrettsselskap, Marine Harvest, er blitt meir enn fire prosent mindre verd i løpet av dagen.

Marin Harvest, Leka
Foto: Rita Kleven/NRK