Hopp til innhold

Nedringt etter feil på straummålar

Frustrerte kundar har kontakta både nettleverandør BKK og Forbrukarrådet etter at det vart kjend at kring 10.000 automatiske straummålarar ikkje sender inn målaravlesing.

Ein av målarane det har vore feil på

Mange av dei nye automatiske straummålarane har slite med feil, som gjer at forbruket blir stipulert.

Foto: PRIVAT

– Vi har fått mange førespurnader, og det er spesielt om stipulering, seier prosjektleiar i BKK, Eli Kristin Dimmen.

Manuell målaravlesing blir no erstatta av automatiske straummålarar (AMS) i alle husstandar innan 1. januar 2019. Det har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) bestemt.

Til no har BKK installert 70.000 automatiske straummålarar i husstandar i sitt område. Kring 10.000 av desse har feil som gjer at BKK ikkje når kundane, og forbruket blir ikkje lest av.

Prosjektleiar for AMS i BKK, Eli Kristin Dimmen

Prosjektleiar for AMS i BKK, Eli Kristin Dimmen.

Foto: Trine Reinkind/BKK

Feilen er retta opp i

Årsaka til feilen er at nokre av AMS-målarane, som kommuniserer via mobilt breiband, har mista kontakt med basestasjonen sin. Målaren sender likevel ut signal, men signala krasjar. Då går målaren inn i «sleep-mode», og BKK klarar ikkje å nå dei fjernstyrt.

– Straumbruken til kunden må då bli stipulert, for vi anar ikkje kva forbruket er, seier Dimmen. Ho presiserer at feilen no er retta opp i, men at fleire tusen straummålarar framleis har eit problem.

– Kan det gjere at fleire kundar har betalt for mykje i haust?

– Vi brukar erfaringar frå tidlegare forbruk, så det skal vere ganske korrekt. Men nokon kan ha betalt for mykje og andre for lite. Men når vi oppnår kontakt med målaren igjen, blir det korrigert tilbake i tid, seier ho.

Tek kontakt med kundane

Pia Cecilie Høst

Leiar for Forbrukardialog og jurist i Forbrukarrådet, Pia Cecilie Høst, seier ein må rekne med feil ved så store endringar.

Foto: Forbrukerrådet

BKK er no i full gang med oppryddingsarbeidet.

– Eit team i gang med å kontakte kundane som har førsteprioritet for å bytta ut kommunikasjonskortet og oppdatere det til den riktige versjonen. Det gjeld omlag 3.000 kundar, fortel Dimmen.

Ho seier det vil gå raskt å fikse desse målarane, og at i løpet av 2-3 månadar har dei tatt dei som hastar mest.

Må følge med på rekninga

Forbrukarrådet er kjend med saka.

– Det har jo vore ei omfattande omlegging hos folk og ei forventing om at det skulle fungere betre. På den andre sida tenker vi at ein nesten må kunne rekne med feil under ei slik omlegging.

Det seier Pia Cecilie Høst, leiar for Forbrukardialog og jurist i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet seier kundane bør følgje med på rekningane framover.

Høst slår fast at BKK ikkje har brote nokon lovar.

– Slike feil kan oppstå. Så lenge forbrukaren ikkje må betale meir enn det dei faktisk skal, så ser eg ikkje nokre juridiske utfordringar med dette.