Mykje vatn ved Krambua

Politiet melder om mykje vatn rundt om på vegane, og spesielt ved Krambrua ved Fjøsangervegen. – Det er i tillegg litt lause kumlokk, køyr forsiktig, oppmodar operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt. Han seier at politiet har god kontroll, og at dei trass i vêret ikkje har fått melding om nokon alvorlege hendingar endå.