NRK Meny

Mykje snø på vegane

Vegtrafikksentralen melder om mykje snø på vegane mange stader i fylket. Spesielt glatt er det på E16 ved Trengereid, Fanafjellet og Birkelundstoppen i Bergen. Brøytemannskap er ute, men Vegtrafikksentralen ber likevel folk om å køyre forsiktig.