Mojsov er ferdig i Brann

Daniel Mojsov er på veg ut av Brann. Det blei klart etter møter i klubben i dag.

Daniel Mojsov

PÅ VEG UT: Daniel Mojsov har avslutta kontrakten med Brann. Kontrakten med klubben gjekk eigentleg ut til sommaren, men både han og klubben skal vere samde om å avslutte kontrakten alt no.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Brann har i dag vore samla for å diskutere den alvorlege situasjonen i klubben. No er det klart at den fyrste spelaren alt er på veg ut.

Daniel Mojsov har blitt einig med leiinga om å avslutte kontrakten sin, skriv BT.no i kveld.

Mojsovs kontrakt gjekk eigentleg ut til sommaren, men no er både han og klubben samde om at Brann held fram utan han.

– Dette er bra for meg. Eg vil ikkje spele i fyrstedivisjon. Samtidig vil eg seie takk til Brann, supporterane, trenarane og heile klubben. Eg har likt tida mi i Bergen, men det er på tide å reise vidare, seier Mojsov til avisa.

LES OGSÅ: Da Brann rykket ned og voksne menn gråt

«Krisemøte» i klubben i dag

Det er alt kjent at klubben kan bli nøydd til å kutte ti millionar i neste års budsjett ved eit nedrykk. Brann har allereie kutta 15 millionar kroner på grunn av sviktande inntekter.

Mojsov blir den fyrste som forsvinn ut av klubben etter Branns nedrykk i går kveld.

Rikard Norling sa i dag til NRK at han står ved kontrakten med Brann. Heller ikkje styreleiar Roald Bruun-Hanssen har i dag villa seie noko om si framtid i klubben.

Markus Jonssons kontrakt går ut til nyttår, og alle skadene hans gjer det naturleg for Brann å avslutte samarbeidet då, skriv Brann.no i kveld.

LES OGSÅ: Bruun-Hanssen forberedt på å stå skolerett

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.