Hopp til innhold

– Det er tungt å vere så langt frå heimlandet

Den fransk-norske foreininga i Bergen arrangerer i dag si andre minnemarkering etter terrorangrep på under eit år. – Det er svært trist, seier iniatitivtakar Chloe Bezault.

Flaggene fires på halv stang på strandpromenaden i Nice

Minst 84 menneske er omkomne etter at ein 31 år gamal mann køyrde ein lastebil gjennom folkemengdene som feira nasjonaldagen på Promenade dess Anglais.

Foto: AFP - GIUSEPPE CACACE

Nok ein gong blir den blå steinen i Bergen dekka av roser og franske flagg.

– Vi er blitt litt vane til det

Minst 84 menneske er omkomne etter at ein 31 år gamal mann køyrde ein lastebil gjennom folkemengdene som feira nasjonaldagen på Promenade dess Anglais.

Det er kort tid sidan sist minnemarkering for foreininga. Etter terrorangrepa i Paris i desember arrangerte Den franske alliansen saman med gruppa «Saman mot terror» også ei markering.

– Vi er dessverre blitt litt vane til dette no. Det er veldig trist, seier Bezault.

Chloe Bezault

– Denne gangen er det ekstra tungt fordi det skjedde på vår nasjonaldag. Folk var ute i gatene og skulle sjå på fyrverkeri. Det skulle vere ein glad dag, seier Bezault om terrorangrepa i Nice natt til i går.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret

Langt frå heimlandet

Alle var velkomen til å delta på minnemarkeringa, men Bezault håpar spesielt at markeringa kunne gi dei rundt 400 franskmannen i Bergen ein stad å samlast.

– Det er slik at vi kan vere saman, snakke litt fransk og spørje om det går bra med vener og familie. Det er også viktig å vise at vi står saman med dei som sørger sjølv om vi ikkje bur i Frankrike, seier Bezault.

Det er ei påkjenning og vere langt heimanfrå etter tragedien.

– Vi føler det same som dei som bur i Frankrike, men er langt vekke frå familiar og vener i heimlandet, seier Bezault.

Chloe Bezault

Fleire hundre møtte opp på minnemarkeringa ved den blå steinen etter Paris-terroren i november 2015.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK