Illustrasjonsfoto.
Lungelege Cecilie Svanes og gynekolog Francisco Real i Helse Bergen har leia dei banebrytande undersøkingane.
- Det at kvinner med uregelmessig menstruasjon oftare får astma, viser at desse to tilstandane heng saman, fortel Svanes.
Samanfallande resultat
Ho og Real ynskte å finna meir ut om samanhengen mellom kjønnshormon og astma.
- Me trur at årsaka til uregelmessig menstruasjon og astma kan til dels vera dei same. Det mest sannsynlege er at dette har noko med sukkersjuke å gjera, seier ho.
Diabetes
Dette skal ein no forska vidare på, og dersom det stemmer kan det få mykje å seia for pasientar med astma.
- Spørsmålet er om me ein gong i framtida kan behandla astma med diabetes-kosthald. Det er litt satt på spissen, fortel Svanes.