Hopp til innhold

Offer for menneskehandel saksøkte staten – no er ho tatt av politiet

OSLO TINGRETT (NRK): Ein time etter at retten blei heva, arresterte politiet den nigerianske kvinna og transporterte henne til Trandum. Før dommen har falle vil staten sende kvinna til Nigeria.

Offer for menneskehandel stevna staten

GRIPEN AV POLITIET: Den nigerianske kvinna, som denne veka har møtt staten i retten, vart tysdag henta av politiet og sendt til utlendingsinternatet på Trandum, ifølge bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– No har vi gått til sak mot staten nettopp fordi vi meiner hennar sak ikkje er godt nok behandla. Å arrestere og klargjera henne for uttransportering éin time etter at vi er ferdige i retten, synest eg er veldig spekulativt, seier bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes.

Måndag fortalde NRK om kvinna i 20-åra frå Nigeria, som har gått til sak mot staten fordi ho meiner ho har rett på opphald i Noreg.

Kvinna samarbeida med politiet og tysta på bakmenn som tvang ho til sexsal, men fordi politiet la vekk saka har ikkje kvinna krav på opphald i Noreg.

– Eg ber berre om vern. Bakmennene veit at eg har snakka med politiet, sa kvinna til NRK før rettssaka starta på måndag.

– Spekulativt

Men tysdag kveld, etter andre dag i retten, sit kvinna på politiets utlendingsinternat på Trandum – klar for uttransportering til Nigeria.

– Ein time etter at vi var ferdig i retten i ettermiddag, var ho pågripen av norsk politi i ein id-kontroll. Eg har akkurat prata med klienten min som no sit innelåst på Trandum og er veldig fortvila, seier Hånes.

Bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes

FORTVILA: Bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes meiner det er spekulativt av politiet å gripe kvinna like etter rettssaka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Hånes kallar det svært spekulativt at politiet har arrestert kvinna like etter at ho møtte i retten.

– Dette viser at offer for menneskehandel ikkje har rettsvern. Når vi ventar på dommen, og i tillegg har søkt om mellombels stans i uttransporteringa, er dette ei totalt uakseptabel framgangsmåte, seier Hånes, som tysdag kveld sende ei hasteoppmoding til styresmaktene for å få stansa iverksettinga.

Meiner politiet burde ha venta

Utlendingsnemnda (UNE) har slått fast at kvinna er eit offer for menneskehandel, men meiner likevel at det er trygt for henne å reisa heim til Nigeria.

– Kvinna oppheld seg ulovleg i Noreg og har fått endeleg avslag på sin søknad om opphald. Gjer ikkje politiet berre jobben sin?

– Dei kunne ha venta til etter dommen hadde falt, viss utfallet er at vi ikkje vinn fram. Å transportere ut henne på eit tidspunkt kor vi ventar på ein dom og kor det er kravd mellombels forføyning, synest eg er totalt uakseptabelt.

Begjæring om utsatt iverksettelse

HASTEOPPMODING: Bistandsadvokaten fryktar den nigerianske kvinna vil få represaliar dersom ho blir returnert til Nigeria.

Foto: Skjermdump

– Mistenker du at aksjonen mot din klient var planlagd?

– Det er vanskeleg å seie. Men det er påfallande at dette skjer éin time etter at vi er ferdig i Oslo tingrett, i ei sak mot Utlendingsnemnda, seier Hånes.

Politiet: – Avventer dom før utreise

Onsdag stadfestar Politiets utlendingseining at kvinna blei pågripen etter utlendingslova, paragraf 106b. På generelt grunnlag oppgir teamleiar ved avdeling for identitetsfastsetting, Donna Galway, at PU normalt avventer utfall i retten ved ein pågåande rettstvist.

– I tilfelle kor ein utlending har stemna staten ved UNE og har ei pågåande sak i rettsvesenet, vil vi normalt vente til ein dom ligg føre før ei uttransport blir gjennomført, skriv Galway via kommunikasjonsavdelinga i PU.